Allmennmedisin
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 12 |
| Undervisningssemester | Haust for A-kull Vår for B-kull |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Overordna mål:
Allmennmedisinske kunnskapar, dugleikar, haldningar og utøvd kompetanse.
Innhald:
Allmennmedisin er læra om handtering av sjukdommar og plager slik dei presenterer seg i førstelinetenesta. Frå eit medisinsk fagleg utgangspunkt gir allmennpraktikaren ein heilskap, der personleg og kontinuerleg helseomsorg for individet og familien er basert på ei biologisk, psykologisk og sosial individforståing. Faget omhandlar klinisk diagnostikk, behandling, oppfølging og førebygging av sjukdommar som vert ferdigbehandla i allmennpraksis og av tilstander som krevjar samhandling mellom ulike deler av helsevesenet. Andre sentrale disiplinar er klinisk kommunikasjon, konsultasjonen og lege-pasient-tilhøvet som arbeidsreiskap. Det sosiale særpreget til allmennmedisinen og allmennpraktikaren si særskilte innsikt i familie og lokalsamfunn hører også med.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane
- ha kunnskap om allmennmedisinske rammer og arbeidsmetodar
- ha kunnskap om allmennlegens oppgåver som fastlege og i offentleg helsearbeid
- ha kunnskap om livsløpet og konsekvensar for helse
- ha kunnskap om dei vanlegaste akutte og kroniske sjukdommar samt organovergripande symptom hos ein heilt uselektert pasientpopulasjon
- ha kunnskap om effektive tiltak som fremmer helse og førebygger sjukdom og funksjonssvikt
- ha kunnskap om spesielle behov hos sårbare grupper
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane
- mestre pasientsentrert konsultasjonsteknikk der klinisk kommunikasjon, oppbygging av konsultasjonen og lege-pasient-forhold er sentralt
- kunne ta opp ein god anamnese og utføre ei klinisk allmennmedisinsk undersøking innan ulike fagområder
- kunne avklare tidlige, ikkje-differensierte stadium av sjukdom og ta avgjørsler om enkle tilstander som kan ferdigbehandlas i allmennpraksis.
- kunne ta stilling til kva for pasientar som skal visast til spesialisthelsetenesta og med kva hastegrad.
- vere i stand til å følgje opp adekvat behandling av dei tilstander som er vanleg å handtera i allmennpraksis
- vere i stand til å involvere pasient og pårørande i den diagnostiske prosess og plan for behandling og oppfølging
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane
- forstå allmennmedisin som lavterskeltilbod ved alle typar helseproblem, og allmennlegens rolle som koordinator av ulike helsetenester basert på kontinuiteten i lege-pasient-forholdet
- forstå betydinga av å kombinere medisinsk viten med kontekstuell kunnskap, respekt for pasientens eigenoppleving og ressursar som utgangspunkt for å yte allsidig helsehjelp
- kunne forstå og delta i samhandling mellom ulike aktørar i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta rundt pasientar med ulike problemstillingar
- ha kunnskap til og kunne reflektere over vanlege etiske problemstillingar som leger møter i allmennpraksis
- kunne forstå og reflektere over medisinens og egen feilbarlighet
Undervisningssemester
Haust for A-kull
Vår for B-kull
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Medisinstudiet 6. studieår
Undervisning og omfang
Undervisinga er studentsentrert, basert på dialog og refleksjon og er i betydelig grad opplevingsbasert.
Førelesingar
Klinikkar
Kurs
Seminar
Utplassering 20 dagar
Obligatoriske arbeidskrav
Utplassering i allmennpraksis (4 veker), med obligatoriske innleveringer etter utplasseringa.
Konsultasjonskurs (2 dagar), videokonsultasjon i utplasseringa og videogjennomgang i gruppe etter utplasseringa.
Vurderingsformer
Undervisningsmetodar og eksamensformer er tilpassa kvarandre.
Krav for bestått kurs: godkjend arbeidsbok for utplasseringa.
Studentane sine kunnskapar, dugleikar, haldningar og klinisk kompetanse vert testa ved skriftlig (kasusbasert) eller munnleg (ein konsultasjon) eksamen i 6. studieår.
Ein nytter eksterne sensorar.
Karakterskala
Karakterskala: A-F
Emneevaluering
Evaluering: studentane gir kategoribunden og fritekstevaluering, lærarkollegiet gir systematiske refleksjonar.
Oppfølging: Evalueringsresultata vert samanhaldne med undervisningsmål og innhald, og endringar vert fortløpande implementert. Studentar og lærarar vert haldne orienterte om konsekvensane av kvalitetsarbeidet.
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: studie@isf.uib.no
tel: 55 58 61 00
Emneansvarleg:
Thomas Mildestvedt
E-post: thomas.mildestvedt@isf.uib.no