Grunnlagsproblemer i samfunnsmedisin og helsevitenskapleg forskning

Fakta om studiet

EmnekodeMEDGRSAM2
StudienivåPh.d.-nivå
TilhørerInstitutt for global helse og samfunnsmedisin

Kursomtale

Undervisingsspråk

Norsk

Kursinnhald

Kurset skal kaste lys over vitskapsteoretiske og vitskapshistoriske tema med særleg relevans for samfunnsmedisinsk og helsefagleg forsking.

Kurset skal stimulere til refleksjon og verke samanbindande og identitetsskapande.

Dag 1: Helse, funksjon og livskvalitet

Her set vi søkjelyset på helse, funksjon og livskvalitet ¿ dei historiske røtene til omgrepa, korleis dei vert nytta i praksis og vitskapelege definisjonar ¿ med stort rom for diskusjon, gruppearbeid og samtalar. Ansvarleg: John Gunnar Mæland, professor i sosialmedisin

Dag 2: Sjukdom, liding og normalitet

Spørsmål vi stiller er: Kva er sjukdom, liding og normalitet? Dersom sjukdom vert konstruert i sosiale og språklige fellesskap, kvar for følgjer får det for forsking på sjukdom? Kva tyder lidingsaspektet ved sjukdom, og kva slags plass bør det ha i samfunnsmedisinsk forsking? Korleis skal vi forstå normalitet? Ansvarleg: Eivind Meland, professor i allmennmedisin.  

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter gjennomført emne skal kandidatane

  • ha kjennskap til grunnleggjande element i naturvitskapleg og humanistisk/samfunnsvitskapleg forsking innanfor samfunnsmedisin og helsefag
  • ha innsikt i og medvit om ulike forståingsformer og tenkemåtar i dei to vitskapstradisjonane, og korleis desse har utvikla seg historisk og internasjonalt
  • ha innsikt i sentrale teoriar og omgrep i samfunnsmedisin og helsefag, kva dei rommar og korleis dei vert nytta i praktisk helsefagleg verksemd

Ferdigheiter

Etter gjennomført emne skal kandidatane kunne

  • dra inn og formulere relevante synsmåtar frå andre vitskapstradisjonar i eiga forsking
  • diskutere og nytte relevante omgrep i eiga forsking, og i diskusjonen vere medvetne om at omgrepa kan vere mangetydige og problematiske
  • bidra til utvikling av tverrfaglege forskingsprosjekt og andre former for samarbeid

 Generell kompetanse

Etter gjennomført emne skal kandidatane

  • kunne samarbeide på tvers av vitskapstradisjonar og forskingsmiljø
  • ha eit utvida nettverk av relevante samarbeids- og ressurspersonar i og utanfor eige fagfelt
  • ha oppøvd evna til kritisk og kreativ tenking
  • kunne formilde forsking med ambisjon om å nå eit vidare publikum enn dei med kjennskap til eige fagfelt

Undervisningsperiode

Vår

neste gong vår 2014

Studiepoeng

2 studiepoeng

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Påmelding gjennom Studentweb innan 1. februar.

Ph.d.-kandidatar ved eksterne institusjonar må søkja hospitantrett, frist 1. februar: www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

http://www.uib.no/mofa/65544/skjemaer-og-avtaler-forskerutdanningen

Utan opptak i eit phd-program gjeld følgjande for hospitantstudierett, frist 1. desember:www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

http://www.uib.no/mofa/66215/hospitantstudierett-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Vurderingsform

Basert på aktiv deltakelse

Bestått/ikke bestått

Kven kan delta

ph.d-kandidatar

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Deltakarane skal på førehand ha lest ressurslitteraturen.

12-14 timar undervisning. Kombinasjon av førelesingar og gruppediskusjonar.

Deltakarane på emneserien "Grunnlagsproblem i samfunnsmedisin og helsefag" vert oppfordra til å skrive eit essay (rundt 15 sider), der dei kritisk vurderer avhandlinga si i lys av eitt eller fleire tema i emneserien.

Godkjent essay gjev eitt studiepoeng ekstra. Sjå MEDGRSAMESSA.

Program

2 temadager

24.4.2014, kl 9-16. Helse, funksjon og livskvalitet,

ansvarlig: John Gunar Mæland

25.4.2014. kl. 9-16. Sjukdom, liding og normalitet

Ansvarlig: Astrid Blysad, Inger Haukenes og Aina Schiøtz

begge dager: Spissøen, Kafarveien 31 

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnmedisin

e-post: studie@isf.uib.no

Emneansvarlig: Aina Schiøtz

e-post: aina.schiotz@isf.uib.no

Kjernelitteratur

Forskarkurset MEDGRSAM2, artikkelsamling