Kurs i internasjonal helse

Fakta om studiet

EmnekodeMEDINTH
Studiepoeng2
UndervisningsstartVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for internasjonal helse

Tel: 55588560; e-post: studie.cih@.uib.no

Emneansvarlig: Sven Gudmund Hinderaker

Mål og innhald

Kurset fokuserer på fattigdomsrelaterte helseproblem i låg- og mellominntektsland. Dette inkluderer diagnostikk og klassifikasjon av sjukdommar, pasientbehandling (inkludert rehabilitering), førebygging og helsefremjande arbeid. Med hjelp av eksempel på viktige helse- og demografiske indikatorar i dagens høginntektsland er målet å gi betre forståing av situasjonen og utviklingstrekka i låginntektsland.

Ein vil i undervisinga sjå nærare på samspelet mellom utvikling og helse, og har som mål å gi studentane kunnskap om korleis ein kan lette sjukdomsbøra i den fattige delen av verda med hjelp av moderne teknologi som vaksinasjon, ved å fremja adekvat ernæring, betre dei hygieniske tilhøva og ved betre utnytting av eksisterande helsetenester.

På lesedagen for kursuka kan det givast ein demonstrasjon av parasittar der ein får sjå malariapreparat og fecesprøvar i mikroskop. Denne delen er frivillig.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar:

Etter fullført kurs ventar ein at studentane

- skal kunne forklare viktige skilnader og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk

- skal kunne beskrive store folkesjukdommar som tuberkulose, diare og luftvegsinfeksjonar, samt underernæring, kvinnehelse, mor/barn problematikk og sjukdommar som kan førebyggast med vaksine

Ferdigheiter:

Etter fullført kurs ventar ein at studentane

- skal kunne diskutere korleis store folkesjukdommar påverkar samfunnsutviklinga

- forstår korleis ulike verkemiddel kan betre folkehelsa

Generell kompetanse:

Etter fullført kurs skal studentane

- kunne ha eit globalt perspektiv på utøving av legegjerning

- kunne forstå konsekvensar av aukande globalisering for medisinsk tenking

Undervisningssemester

6. studieår (vår/haust)

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Studentar i medisin, Universitetet i Bergen, Det medisinsk- odontologiske fakultet. Obligatorisk kurs

Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha fullført første 5 år av studiet

Undervisning og omfang

Førelesingar og gruppearbeid

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk kurs. Deltaking på forelesingar og i gruppearbeid. Gruppearbeid må godkjennast av kursleiar

Vurderingsformer

Presentasjon av gruppearbeid i plenum

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Læremiddelomtale

Førelesingsnotat/handouts

Emneevaluering

Elektronisk evalueringsskjema, MiSide