Samfunnsmedisin
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 14 |
| Undervisningssemester | Haust for A-kullet. Vår for B-kullet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Målsettinga med studiet er å gje studentane kunnskapar om:
Korleis forhold i samfunnet påverkar helsetilstanden til grupper i folkesetnaden og korleis folkehelsa påverkar samfunnstilhøva
Sjukdomsførebyggjande tiltak ovanfor grupper i folkesetnaden
Sambandet mellom arbeid og helse og korleis arbeidsrelaterte helseplagar kan førebyggjast
Korleis helsetenesta er administrert, organisert og finansiert
Kva for økonomiske stønadsordningar som er aktuelle ved ulike former for arbeidsuføre
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten kunne gjere greie for
- det viktigaste metodegrunnlaget for førebyggande medisin og ulike grupperetta og miljøretta strategiar
- faktorar i arbeidslivet som kan verke inn på helsa
- korleis arbeidsrelaterte sjukdomar kan hindras
- korleis ein kan førebyggja at arbeid gjev sjukdom, inkludert om lover og reglar på arbeidsplassen
- sosial ulikskap i helse
- sosiale helsedeterminantar
- helsetenestene si oppbygging og organisering, leiing og samhandling
- trygdesystemet og sosiale hjelpeordningar
- lover og reglar som regulerer helsetenesta
- politiske, sosioøkonomiske og sosiokulturelle omstende si betydning for helse og helsearbeid
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne
- vurdere nytteverdien av forskjellige sjukdomsførebyggande tiltak på gruppenivå
- prinsippa for korleis ein kan førebyggja at arbeid gjev sjukdom, i tråd med lover og reglar på arbeidsplassen
- utføra pasientintervju om arbeid og helse
- utføra miljøretta førebyggande helsearbeid i praksis, inkludert arbeid som bedriftslege
- ta opp ein sosialmedisinsk anamnese.
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane
- ha forståing for korleis politiske, sosioøkonomiske og sosiokulturelle omstende verker inn på helsetilhøva i befolkninga
- ha forståing for samspelet mellom tilhøva i arbeidslivet og helsetilstanden i befolkninga
Undervisningssemester
Haust for A-kullet. Vår for B-kullet.
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Medisinstudiet 6.studieår
Undervisning og omfang
5 veker undervising i samfunnsmedisin (sosial, førebyggande og administrativ medisin) og 1 veke med arbeidsmedisin
Førelesingar, seminar, problembasert gruppearbeid med diskusjonar i plenum,
Undervisinga er integrert med allmennmedisin i allmenn- og samfunnsmedisinsk termin i 6. studieår. 13 veker full tids studie
Obligatoriske arbeidskrav
Gruppearbeid med presentasjon i plenum og godkjent skriftlig test i arbeidsmedisin (multiple choice).
Vurderingsformer
5 timar skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Skriftleg og/eller munnleg emneevaluering. Midtvegsevaluering i møte med tillitsvalde
Kontaktinformasjon
Institutt for samfunnsmedisinske fag.
e-post: studie@igs.uib.no
tel: 55 58 61 00
Emneansvarleg haust 2913: Bente E. Moen
e-post: bente.moen@igs.uib.no