Midtveisevaluering ph.d. K2
Fakta om studiet
| Emnekode | MEK2900 |
| Studienivå | Ph.d.-nivå |
| Tilhører | Klinisk institutt 2 |
Kursomtale
Kursinnhald
Retningsliner
Midtvegsevaluering er innført for alle ph.d.- kandidatar som er teke opp frå og med haustsemesteret 2009 og skal gjennomførast innan 2/3 av ph.d.-perioden. Ved godkjend midtvegsevaluering får kandidaten 1 studiepoeng.
Hovudrettleiar er ansvarleg for å finne to medlemmer til ein evalueringskomité som skal vurdere midtvegsevalueringa. Komitémedlemmane bør vere vitskapleg tilsett ved UiB, og minst ein av dei må vere det. Vidare bør komitémedlemmane ha kjennskap til kandidaten sitt fagområde. Alle kandidatane skal ha varsel om dato og komitésamansetjing minimum 2 månader på førehand.
Rapport
Seinast ei veke før evalueringa leverer kandidaten ein kort skriftleg rapport der det skal gjerast greie for progresjon og status for:
- Vitskapleg aktivitet og resultat
- Publikasjonar
- Opplæringsdelen
- Plan for gjennomføring og planlagt tidspunkt for innlevering
- Eventuelle problem/kommentarar
Rapporten skal vere på minimum 2 sider. Prosjektskisse, eventuelle manuskript og publiserte artiklar blir lagt ved.
Ph.d.-koordinatorane formidlar rapportane til komitémedlemmane. Kandidatar ved K1 sender rapporten til Marianne H. Myhren (Marianne.myhren@k1.uib.no). Kandidatar ved K2 sender rapporten til Kristian Jensen (Kristian.jensen@k2.uib.no).
Presentasjon
Kandidatane held ein presentasjon på minimum 15 minutt med status for sitt doktorgradsarbeid for komiteen, med påfølgjande diskusjon (ca 10 min.) Presentasjonen bør haldast på engelsk. Hovudrettleiar skal vere til stade. Andre rettleiarar bør òg vere til stade i den grad det er mogleg. Etter presentasjonen fyller komiteen ut og signerer eit eige evalueringsskjema og dessutan protokoll for godkjend midtvegsevaluering. Komiteen kan òg be om eit privat møte med kandidat og rettleiar etter den opne diskusjonen viss ønskeleg.
Studiepoeng
1
Formelle krav
Påmelding og -fristar
Påmelding gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innan 1.februar / 1.september
Inngår i opplæringsdel
Obligatorisk for alle kandidatar i forskarutdanninga som får si hovudrettleiing ved Klinisk institutt 2
Fagleg overlapp
Ein kandidat kan berre ha ein kode for midtveisevaluering i sin opplæringsdel, og gjennomfører evalueringa normalt ved det instituttet der han/ho får sin hovudrettleiing.
Utfyllande informasjon
Kontaktinformasjon
Kristian Jensen (kristian.jensen@k2.uib.no)
Fagleg ansvar
Professor Eysten Husebye