Medietekster: teori og analyse
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG). |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Målet med emnet er å gi studentane kunnskapar om tekster, teoriar om tekster og tekstanalyse, og å øve opp ferdigheiter i å analysere konkrete medietekster.
Dette emnet gir ei innføring i sentrale teoriar og metodar som vert brukt i samband med analyser av medieprodukt. Dette inkluderer innføringar i semiotisk teori, fortelleranalyse, genreteori m.m., samt ein rekkje dømer på konkrete analyser av medieprodukt og genre. Stoffet omfattar både kvantitative og kvalitative metodar for analyse av medietekster.
Læringsutbyte/resultat
Etter avslutta emne har kandidaten
- grunnleggjande kunnskap om tekstar, tekstteori og tekstanalyse
- forståing av dei ulike media sin eigenart, innsikt i korleis ulike medietekstar er sette saman, og kvifor.
- grunnleggande dugleikar i å analysera medietekstar.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Byggjer på MEVI100. Studentar som ikkje har MEVI100 bør setje seg inn i grunnleggjande omgrep og teoriar om kommunikasjonsprosessen før semesterstart.
Fagleg overlapp
Emnet overlappar 15 studiepoeng med det gamle medievitskap grunnfag (MEVIG).
Undervisning og omfang
Undervisninga vert gitt i form av 12-15 førelesingar og 8 seminarmøter.
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking i seminargrupper. Presentasjon av en pensumtekst for seminargruppa, og ei seminaroppgåve på mellom 2000 og 2500 ord. Obligatoriske arbeid som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Ein 7 dagars heimeeksamen og ein 4 timars skoleeksamen. Heimeeksamen skal ha eit omfang på om lag 10 sider. Skuleeksamen tel 1/3 av karakteren, heimeeksamenen 2/3. Skuleeksamen vert avvikla før heimeeksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no