Visuell retorikk

Fakta om studiet

EmnekodeMEVI307
Studiepoeng15
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk/Skandinavisk
Ressursar
TilhørerInstitutt for informasjons- og medievitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no

Mål og innhald

Føremålet med emnet er å:

  • gi studenten historisk, teoretisk og analytisk innsikt i det visuelle i retorikken og retorikken i det visuelle
  • gjere studenten i stand til praktisk å analysere og evaluere visuell retorikk
  • gi studenten ei grunnleggjande (teoretisk) forståing av korleis ein kan utvikle visuelle strategiar for konkrete kommunikasjonsoppgåver

Sjølv om retorikken opphavleg vart utvikla som ein lære om forseggjord tale, har han sidan antikken òg vært ein visuell disiplin som stør seg på og appellerer til auget - det indre så vel som det ytre.

Dette emnet tek utgangspunkt i sambandet mellom retorikken og det visuelle og ser på korleis retorikk i dag vert utøvd visuelt. Vi undersøkjer korleis vår tids visuelle retorikk vert skapa og kva for retoriske appellar og funksjonar visuelle mediar, genrar og uttrykk utøvar i vår tids samfunn. Vi avdekkjer og korleis visuelle medier, genrar og uttrykk overtyder, griper kjenslene våre og overfører informasjon. I utforskinga av desse spørsmåla vil MEVI307 fordjupe seg i eit eller fleire emne og visuelle medier. Desse varierer frå år til år.

Studentane må pårekne aktiv deltaking i emnekretsen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i form av førelesingar, seminar og rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Aktiv deltaking ved å framskaffe aktuelle dømer på visuell retorikk. Ein fakta- og pensumtest i slutten av semesteret.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på masterprogrammet i medievitskap. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad. Studentar ved bachelorprogrammet i retorikk kan ta emnet.

Læringsutbyte

Etter å ha avsluttet emnet skal studenten kunne:

  • redegjøre historisk og teoretisk for det visuelles tilstedeværelse i konkrete eksempler på verbal og medial retorikk så vel som i den retoriske lære.
  • redegjøre for retorikkens tilstedeværelse i konkrete visuelle uttrykk så vel som i disipliner om det visuelle (e.g. kunsthistorie).
  • diskutere visuell retorikk i forhold til problemstillinger om etikk, effekt og funksjon.
  • analysere og evaluere konkrete eksempler på visuell retorikk.
  • presentere en grunnleggende (teoretisk) forståelse av hvordan man kan utvikle visuelle strategier for konkrete kommunikasjonsoppgaver.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande, eller studierett ved bachelorprogrammet i retorikk.

Læremiddelomtale

Totalt vil pensum vere på omkring 1200 sider.

Vurderingssemester

Samme som undervisningssemester

Vurderingsformer

Emneoppgåve på ca. 6000 ord

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Emneevaluering

Opplegget og undervisninga vert evaluert i slutten av semesteret.

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitenskap