Medieestetikk: Teori og analyse
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Uregelmessig |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet har fokus på medienes tekstar, deira estetiske utforming og kulturhistoriske kontekst. Med utgangspunkt i dei humanvitskaplege områda av medievitskapen, gjev emnet grunnlag for teoretisk refleksjon og analytisk handtering av til dømes film, tv, fotografi, dataspill. Tydinga av teknologiske og produksjonsmessige tilhøve for medietekstenes utforming og funksjoner er sentralt innafor temaet. Kva medietekstar og teoretisk-analytiske tradisjoner som vert fokusert, kan variera frå semester til semester.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet har studenten:
- Kunnskaper om sentrale tekstteoretiske og ¿analytiske tradisjonar og problemstillinger
- Evne til å anvende teoretiske innsikter og terminologi i analysar av medietekstar
- Kunnskap om korleis kulturhistoriske, teknologiske og produksjonsmessige tilhøve kan influera på medienes tekstar
Undervisningssemester
Uregelmessig
Eksamenssemester
Uregelmessig
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Master
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved masterprogrammet i medievitskap. Etter søknad kan studentar ved andre masterprogram få tilgang til emnet.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i medievitskap eller tilsvarande
Undervisning og omfang
Førelesingar og/eller seminar.
Ca. 16-20 timar.
Obligatoriske arbeidskrav
Ein munnleg presentasjon og ei framlegging av skriftleg oppgåve.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart 3.år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no