Risikobasert HMS-styring

Fakta om studiet

Etter- og videreutdanningskurs
EmnekodeMNF170-F
Studiepoeng10
Undervisingsspråk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fysikk og teknologi

Tilgjengelige kurs

Høst 2014
Kursdato: 18.09.2014 - 02.12.2014
Pris: NOK 17500
Søknadsfrist: Frist utløpt.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak: Kontor for etter- og vidareutdanning
Tlf: (+47) 55 58 20 40, e-post: post@evu.uib.no

For spørsmål om fagleg innhald: Førsteamanuensis Bjørn J. Arntzen ved institutt for fysikk og teknologi, e-post: bjorn.arntzen@ift.uib.no

Beskrivelse

Kurset er eit samarbeid med Det Norske Veritas (DNV- GL) og Universitetet i Bergen. Det skal gje ei grunnleggjande innføring i systematikk for arbeidsmiljø-, ytre miljø- og sikkerheitsarbeid. Det vil bli gitt innføring i basale teknikkar, reiskapar og arbeidsformer, samt oversikt over lovverk som regulerer desse faktorane. HMS-organisasjonen og oppgåvene som høyrer til denne vert presentert. Korleis kan ein identifisere manglar ved ein slik organisasjon?

Emnet starter med ei oversikt over kva HMS-begrepet omfattar og korleis det er forankra i lovverket. Vidare tar ein opp HMS-leiing og -styring, samt risikovurdering (metode, storulykker, ytre miljø). Deretter blir det gitt ei oversikt over effektvurdering frå kjemiske, fysiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar. Endelig vil den menneskelege faktoren og rolla den har i arbeidsmiljøet bli gjennomgått.

Kurset går kvart haustsemester, neste gong hausten 2015.

Målgruppe

Leiarar og andre som har HMS som del av sitt ansvarsområde i bedrifter eller offentlege institusjonar. Studiet er også aktuelt for studentar som ynskjer å knytte sin spesifikke fagkompetanse til HMS-arbeid.

Undervisning

Studiet er basert på samlingar, sjølvstudium og semesteroppgåve.

Undervisinga er fordelt på fire samlingar med totalt 7 kursdager.
Det er tre samlinger à to dager (torsdag/fredag). Fjerde samling er ein enkelt torsdag.

For hausten 2014 gjeld desse datoane:

1. samling: torsdag/fredag 18. - 19. september

2. samling: torsdag/fredag 2. - 3. oktober

3. samling: torsdag/fredag 16. - 17. oktober

4. samling: torsdag 6. november

torsdagar kl 09.30 - kl 16.30
fredagar kl 08.30 - kl 15.30

Eksamen: 2. desember 2014.

Vurdering / eksamen

Semesteroppgåve + skriftleg eksamen (4 timar).
Semesteroppgåva vil telje 50 % av samla karakter i faget.

Sjå forøvrig Emnebeskrivelsen.

Krav til datautstyr

Datamaskin med internettilgang og e-post.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekomptetanse, som ein ikkje treng dokumentere. Søkjarar under 25 år må dokumentere generell studiekompetanse.

For øvrig opptaksinformasjon, se under Opptak i hovedmenyen øverst på siden.

På dette kurset er det svært få plassar tilgjengeleg (normalt under 10). Ved stort søkartal vil difor studentar innanfor prosess- eller petroleumsteknologi bli prioriterte.