Mål og innhald
Det teoretiske grunnlaget for utviklingsbiologi vil bli gjennomgått med spesiell vekt på mekanismar som styrer tidlege trinn i fosterutviklinga. Emnet gjev også ei grundig innføring i genetiske kontrollmekanismar og korleis mutasjonar kan føre til misdanningar. Eksperimentell forståing og evolusjonsmessige samanhengar vil bli vektlagt.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne MOL213 skal studenten kunne:
- greie ut om grunnleggjande omgrep, prinsipp og metodar innan utviklingsbiologi.
- identifisere fellestrekk og ulikskapar mellom tidlege trinn i fosterutviklinga hjå vertebrater og insekt (Drosophila-modellen).
- forklara korleis genetiske og molekylære mekanismar bestemmer utvikling av kroppssegment hjå Drosophila-modellen.
- greie ut om regulering av celledifferensiering i ulike vev og organanlegg under fosterutviklinga hjå vertebrater.
Undervisningssemester
Haust. Kurset vert ikkje undervist ved lågt studenttal.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
MOL100 eller tilsvarande. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Tillate hjelpemiddel: kalkulator og godkjent ordliste.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Tillate hjelpemiddel:Kalkulator og godkjent ordliste
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.