Mål og innhald
Målet for emnet er å gje studentane inngåande kunnskap om utvalde bioinformatiske metodar og bruk av desse i molekylærbiologisk forsking. Emnet er bygd rundt ei prosjektoppgåve som studentane arbeider med gjennom heile semesteret og resultata frå prosjektet skal dokumenterast og drøftast i ein utførleg prosjektrapport som og vert lagt fram munnleg. Oppgåvene og metodane som vert nytta vil kunna variera frå semester til semester, men vil vera knytt til analyser av protein, proteinfamiliar og proteinstruktur.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne MOL217 skal studentane kunne:
- gjere greie for og drøfta val av bioinformatiske metodar som kan nyttast for å utforska ei gitt problemstilling knytt til protein, proteinfamilier og/eller proteinstrukturer, og nytte desse metodane til å gjennomføra ei prosjektoppgåve bygd på sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper.
- analysere og drøfte resultat frå ei større bioinformatisk prosjektoppgåve i lys av eigne data og data frå vitskaplege artiklar
- presentere resultat og analyser frå ei bioinformatisk prosjektoppgåve både munnleg og som ein prosjektrapport
Undervisningssemester
Vår. Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatoriske arbeidskrav
Prosjektarbeid i grupper på 2-4 studentar, førelesingar og gruppearbeid. Emnet inkluderer ei obligatorisk skriftleg semesteroppgåve, som utgjer 7 sp av den totale arbeidsmengda.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen, eventuelt skriftleg eksamen 4 timar avhengig av antal studentar. Alternative eksamensformer kan bli vurdert i relasjon til mappeevaluering.
Ingen kalkulator tillatt.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen, eventuelt skriftleg eksamen 4 timar avhengig av antal studentar.
Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.