Mål og innhald
Målet er at studentane vert i stand til å vurdera bioetiske problem og forstår det normative aspektet ved etisk evaluering. Undervisinga blir i stor grad bestemt av aktuell samfunnsdebatt, nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag og nyare bioteknologisk utvikling. Tema som testing av arveeigenskapar, genterapi, kloning, stamceller, assistert befrukting, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon og genetisk modifisering av planter vil bli diskutert. Forståing av etiske prinsipp blir og gjennomgått. Det blir lagt vekt på aktiv deltaking frå studentane i undervisinga og dei skal til ein viss grad vere med å forme emnet. Faget passar for studentar frå alle fakultet og med ulik bakgrunn.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne MOL270 skal kandidaten kunne:
- forklara filosofiske, etiske, juridiske og biologiske aspekt ved aktuelle bioetiske spørsmål
- forstå etikkens normative basis
- identifisera ulike bioetiske aspekt i aktuell relevant samfunnsdebatt
- ha innsikt i nasjonale og internasjonale lovar og lovforslag som regulerer bioteknologien
- ha oversikt om nyare bioteknologiskiske trendar
- kjenna spesielt til tema som testing av arveeigenskapar, genterapi, kloning, stamceller, assistert befrukting, xenotransplantasjon, bruk av dyr i forsking og matproduksjon og genetisk modifisering av planter.