Mål og innhald
Studenten vil få ein teoretisk introduksjon til kvar metodikk med søkjelys på korleis teknikkane blir brukt innan molekylærbiologisk forsking. Studenten vil få eit innblikk i korleis dei ulike teknikkane kan supplere kvarandre og korleis vitskapelege konklusjonar kan bli trekt basert på ein teknikk eller fleire i kombinasjon. Kurset vil gi ei forståing av det fysiske prinsippet bak teknikkane, og skildre teknikkane og deira applikasjonar. Det vil bli ein praktisk komponent i kurset gjennom demonstrasjonar, øvingar og dataanalyse.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført kurs skal studenten vere i stand til å 1) Forstå det teoretiske/fysiske grunnlaget for kvar teknikk, 2) analysere data og trekkje konklusjonar, 3) forstå styrkje og restriksjonar assosiert med kvar teknikk og forklare korleis teknikkane kan komplimentere kvarandre, 4) forklare kva teknikkar som med fordel kan bli brukt til å forstå eit gitt molekylærbiologisk problem og kunne skissere ein eksperimentell plan. Studenten skal kunne demonstrere ei praktisk innsikt som reflekterer øvingar gitt i kurset.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.
Krav til forkunnskapar
MOL100, KJEM130 og MOL202 eller tilsvarande.
Emnet høver best i master- eller dokotrgraden, tidlegast i 6. semester av bachelorgraden.
Tilrådde forkunnskapar
MOL310 (MOL310 kan bli tatt parallelt).
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratorieøvingar og demonstrasjonar.
Vurderingsformer
Rapportar frå laboratorieøvingar og demonstrasjonar (30%) og skriftleg eksamen, 4 timar (70%).
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med fakultetets regler.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.