Gå til innhold
English A A A
Emne MUPED201

Pedagogikk 1

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester. 
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Arbeidet i pedagogikkemna skal sikre samspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaringar og

didaktisk refleksjon. Emnet vektlegg særleg følgjande målområde:

- læraren og eleven

Målområdet læraren og eleven nærmar ein seg mellom anna ved å sjå på føresetnader for læring

og utvikling, på sosialt samspel, tilpassa undervisnings- og læringsprosessar og praktisk-pedagogisk

planlegging, gjennomføring og vurdering.

 

Læringsutbyte/resultat

Studentane skal på grunnlag av læringsmåla og det faglege innhaldet ha eit medvite forhold til

eiga rolle som lærar, slik at dei på gode måtar kan planleggje, gjennomføre, vurdere, og utvikle

eigen lærarpraksis, åleine og i samspel med andre.

 

Studenten skal kunne:

- sjå og vurdere ulike sider ved elevane sine læreføresetnader, som utvikling, motivasjon,læringsstrategiar og sosiokulturelle tilhøve

- sjå og vurdere sider ved tilpassa opplæring

- forstå grunnleggjande prosessar knytta til kommunikasjon og samarbeid i lærarrolla

Vidare skal studenten ha ei grunnleggjande forståing for korleis denne kunnskapen kjem til nytte

i praktisk undervisningsarbeid.

Undervisningssemester

Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester.

 

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i

utøvande musikk (60 stp).

Undervisning og omfang

Fellesundervisninga er på dagtid og omfattar mellom anna undervisningsmetodar som førelesing

og gruppearbeid.

 

Obligatoriske arbeidskrav

All undervisning er obligatorisk. Fråver på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

2,5 timars skriftleg prøve i slutten av haustsemesteret som vert vurdert av to faglærarar. Prøva

må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.

 

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, praksisrefleksjon på om lag 4000 ord.

To interne sensorar.

 

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Læremiddelomtale

Felles pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

 

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no