Gå til innhold
English A A A
Emne MUV243

Musikkdramatikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Studenten skal gjennom prosjekt og arbeid med scenisk grunntrening, regi og instruksjon tileigne seg innsikt i musikkdramatikk og dei ulike elementa knytt til musikkteaterproduksjon.
Emnet høver for studentar med song som hovuddisiplin, og som ønskjer å fordjupe seg i musikkdramatikk.

Læringsutbyte/resultat

Studenten i fullført emne
- kan koble eiga vokalutøving med scenisk instruksjon.
- har eit omgrepsapparat for korleis instruksjon og regi vert formidla i eit ensemble.
- forstår korleis dei ulike musikkdramatiske sjangrane er bygd opp.
- kjenner dei sentrale scenografiske og teatertekniske verkemidla som er i bruk i musikkdramatisk produksjon.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk.

Studienivå

Bachelor.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon med song som hovuddisiplin, eller tilsvarande. I særskilde høve (etter opptaksprøve) kan også studentar med song som bidisiplin få opptak.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUV217 Musikkdramatikk.

Undervisning og omfang

Emnet skal gje studenten kunnskap og erfaringar med:
- kroppen som uttrykksmiddel
- form og innhald i musikkdramatiske verk
- scenografiske og teatertekniske verkemiddel
- scenisk grunntrening
- regi

Emnet vil delvis samorganiserast med andre vokalstudium ved instituttet. Undervisninga omfattar fellesførelesingar og prosjektarbeid, og blir gjennomført i samsvar med ein eigen semesterplan. Det blir lagt stor vekt på gruppearbeid. I tillegg kjem tilrådd litteratur, innspelingar o.a. som det er ein føresetnad at studenten set seg inn i på eiga hand.

Prosjektarbeid omfattar:
- Deltaking i scenisk produksjon med profesjonell instruktør.
- Praksis i eksternt musikkteaterprosjekt, godkjent av instituttet. Det kan vere på profesjonelt/semiprofesjonelt nivå. Det kan også vere i samarbeid med frivillig musikkliv/musikkskular, grunnskular eller annan utdanningsinstitusjon. Praksisarbeidet kan utførast som songar/skodespelar eller som produsent, inspisient, scenearbeidar eller av ein annan teaterteknisk karakter.

Obligatoriske arbeidskrav

- rettleia prosjektarbeid i gruppe.

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i to semester etter gjennomføring. Dette gjeld for heile gruppa samla.

Vurderingsformer

Eksamen er scenisk framføring av prosjektarbeid.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no