Perspektiv i nanovitskap og -teknologi

Fakta om studiet

EmnekodeNANO100
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk.
Ressursar
TilhørerKjemisk institutt

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

studieveileder@nano.uib.no, studierettleiar@nano.uib.no eller telefon: 555 83446.

Mål og innhald

Hovudmålet for emnet er å få fram nanovitskapen og -teknologien sin eigenart gjennom eksempel henta frå (i) aktuelle forskingsprosjekt ved og utanfor Universitetet i Bergen, (ii) aktørar i norsk næringsliv som utviklar nanoteknologiske anvendingar, og (iii) problemstillingar av etisk og samfunnsmessig karakter knytt til teknologi. Eit delmål er at studentane skal få innsikt i kva forskning er og korleis naturvitskapleg forsking og forskningsformidling føregår. Arbeidsforma består av ei førelesningsrekke om ulike aktuelle nanovitskaplege og -teknologiske tema med lokale og eksterne foredragshaldarar. Kvar førelesning vert førebudd i eit obligatorisk diskusjonskollokvium. I tillegg blir kvar student assosiert til ei forskingsgruppe gjennom semesteret og deltar kvar veke i arbeidet i gruppa for å bli kjent med ei nanovitskapleg problemstilling og tilknytte arbeidsmetodar. I denne samanhengen blir det definert eit individuelt skriftleg pensum som gir bakgrunn for metodar og problemstillingar i gruppa, og journalføringa skal reflektere at det skriftlege pensumet er forstått. I slutten av semesteret lagar og presenterer studentane kvar sin plakat over den nanovitskaplege eller -teknologiske problemstillinga frå "si" forskingsgruppe.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne skal studenten kunne:

  • Konkretisere omgrepa nanovitskap og nanoteknologi og greie ut om kva som særmerker dette fagfeltet.
  • Gjere greie for viktige instrumentelle metodar for oppklaring av nanostruktur av material.
  • Gjere greie for viktige klassar av nanostrukturerte material og korleis desse kan lagast.
  • Fortelje om ulike typar nanovitskapleg forskning ved UiB.
  • Diskutere korleis teknologi og samfunn påverkar kvarandre.
  • Presentere ei problemstilling gjennom skriftleg rapport, plakat og muntleg framstilling.
  • Greie ut kom kva naturvitskapleg forsking er og gi døme på korleis denne aktiviteten kan føregå.

Undervisningssemester

Vår. (Fargekode: gul)

Eksamenssemester

Kun vurdering i semestre med ordinær undervisning.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Krav til forkunnskapar

Tatt opp til bachelorprogrammet i nanoteknologi.

KJEM110, kan lesast parallelt.

Det er eit krav for å kunne melde seg til undervisning og vurdering i emnet at studenten i semesteret før planlagt undervisningssemester, deltek aktivt i prosessen som studieadministrasjonen gjennomfører for å identifisere vertsgruppe for studenthospiteringa. Nærare informasjon etter førespurnad til studierettleiar@nano.uib.no.

Obligatoriske arbeidskrav

Deltaking på minst 10 av 12 førelesingar. Deltaking på minst 10 av dei 12 første kollokvia. Deltaking i arbeidet i ei forskingsgruppe, inkl. føring av journal. Av den totale tida på tre timer kvar veke vil typisk 1-2 timer nyttast til aktiv observasjon i forskargruppa og typisk 1-2 timer være dedisert til føring av journal. I tillegg skal kvar student lage ein poster som presenterer det faglege innhaldet i forskingsprosjektet som studenten har vore knytt til i hospiteringsperioden samt førebu ein munnleg presentasjon av det faglege innhaldet i posteren.

Vurderingsformer

Emnet nyttar mappeevaluering med fire element: fleirvalstest, prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon. For å få gi munnleg presentasjon må studenten ha godkjent deltaking i obligatoriske aktivitetar, inkludert godkjent oppmøte på kollokvia og førelesningar og oppfylt timetall for hospitering i forskargrupper dokumentert ved dagbok. Mappa blir vurdert som Bestått/Ikkje bestått. Bestått vurdering føreset at alle mappeelementa (fleirvalstest, prosjektoppgåve, poster, og munnleg presentasjon) kvar for seg blir vurdert til å vere på nivå tilsvarande Bestått. Detaljerte retningsliner for vurdering av kvar av mappelementa blir gjort tilgjengeleg ved kursstart. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.