Mål og innhald
Undervisninga er ein seminarserie der studentane skal leggje fram og diskutere sine forskingsprosjekt. Det vert lagt stor vekt på aktiv deltaking frå studentane som i stor grad også vil vere med på å forme emnet. Målet er at studentane skal lære å presentere og kommunisere forskingsresultat.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne skal studenten kunne:
- Kjenne til utfordringar og teknikkar for kommunikasjon av vitskap.
- Presentere vitskapelig material både munnleg og skriftleg.
- Forsvare metodeval og konklusjonar i vitskapleg diskusjon.
- Kritisk vurdere forskingsresultat.
Undervisningssemester
Haust.
Eksamenssemester
Kun vurdering i semestre med ordinær undervisning. Se Vurderingsformer.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d.-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.
Krav til forkunnskapar
Tatt opp til masterstudiet eller Ph.d.-studiet i nanovitskap ved UiB.
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking på fem av seks seminar. Presentasjon av eige mastergradsprosjekt. Skrive ein populærvitskapelig artikkel.
Vurderingsformer
Godkjent populærvitskapelig artikkel, godkjent presentasjon av eige mastergradsprosjekt, godkjent frammøte og godkjent deltaking på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter godkjenninga.
Karakterskala
Bestått eller Ikkje bestått.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.