Mål og innhald
Emnet tek opp omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk. Det skal gjere greie for særtrekka ved naturfag som skolefag. Studentane skal kunne bruke læreplanen som grunnlag for val av innhald, metodar, organisering og vurdering i faget. Elevar sine utfordringar for å forstå og lære naturfag vert diskuterte. Spesiell vekt blir lagt på praktisk og elevaktiv undervisning i naturfag. Risikovurdering og sikkerheit relatert til praktisk arbeid blir teke opp.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal kunne
- gjere greie for særtrekket ved naturfag som skulefag og bruke læreplanen som utgangspunkt for innhald, organisering og elevvurdering i naturfag.
- gjere greie for elevars haldningar og interesser for naturfag og naturvitskap og møte utfordringar elevar har i å forstå naturfag gjennom bruk av modellar og strategiar som fremmer elevane si læring i faget, inkludert IKT.
- ta i bruk praktiske og elevaktive arbeidsmåtar og vurdere korleis desse kan virke inn på motivasjon og læring hos elevane
- vurdere risiko og gjennomføre praktisk arbeid i og utanfor naturfagrommet på ein sikker måte, og kjenne til tiltak som reduserer omfanget dersom eit uhell skulle oppstå.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Institutt
Institutt for biologi
Krav til studierett
Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet si integrerte lektor- og adjunktutdanning.
Obligatoriske arbeidskrav
Skolebesøk på inntil 5 dagar og to obligatoriske arbeidsoppgåver/aktiviteter (gyldige i to semester; inneverande og påfølgjande).
Vurderingsformer
Skriftlig eksamen. 4 timer. Ingen hjelpemidler
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.