Norrøne tekstar

Fakta om studiet

EmnekodeNOFI102
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvikle evna til å lese norrøne tekstar over eit vidare spekter og med større vanskegrad enn på NOFI 101. Studentane skal også gjere seg kjende med filologisk forskingsmetode i samband med studiet av desse tekstene.

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i handskriftskunnskap og filologisk forskingsmetode. Vidare gjev det trening i å lese poesi (eddadikt og skaldedikt), unormaliserte tekstar, runer og handskrifter i faksimile, forutan at det tek opp norrøne person- og stadnamn. Det omfattar også eit oversyn over norrøn språkhistorie, der hovudvekta skal leggjast på eldre norsk og islandsk språkhistorie.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne arbeide sjølvstendig med ulike typar av norrøne tekstar, både poesi og prosa, og dei skal ha skaffa seg innsikt i skilnaden mellom normalisert og unormalisert ortografi, i lesing av runer og handskriftsfotografi og dei skal ha fått grunnleggjande kunnskapar om norrøne person- og stadnamn Dei skal ha lært seg hovudskilnadene mellom eldre norsk og islandsk språk, og dei skal allment ha gjort seg kjende med filologisk arbeidsmåte.

Undervisningssemester

Haustsemesteret

Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester hausten 2013.

Undervisningssemester

Haustsemesteret.

Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester hausten 2013.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NOFI101

Undervisning og omfang

Førelesingar: om lag 4 timar i veka i om lag 13 veker.

I alt om lag 52 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve på seks timar.

Studenten kan skrive på norsk, dansk eller svensk, eller eit anna språk etter avtale med faglæraren.

Det er høve til å bruke norrøn ordbok under eksamen.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum:

A. Teori

1. Handskrifts- og arkivkunnskap, t.d. kap. 1 av Jon Gunnar Jørgensen i Handbok i norrøn filologi, utg. Odd Einar Haugen, Bergen: Fagbokforlaget (2004).

2. Tekstkritikk og tekstfilologi, t.d. kap. 2 av Odd Einar Haugen i Handbok i norrøn filologi.

3. Runologi, særleg yngre runer, t.d. kap. 3 av Karin Fjellhammer Seim i Handbok i norrøn filologi.

4. Paleografi, t.d. kap. 4 av Odd Einar Haugen i Handbok i norrøn filologi.

5. Edda- og skaldedikt, t.d. kap. 5 av Else Mundal i Handbok i norrøn filologi.

6. Eldre norsk og islandsk språk med vekt på fonologi og morfologi, t.d. kap. 9 av Jan Ragnar Hagland i Handbok i norrøn filologi.

7. Eldre norsk språk med vekt på syntaks og på utviklinga i mellomnorsk tid, t.d. kap. 7 av Marit Christoffersen og kap. 10 av Endre Mørck i Handbok i norrøn filologi.

8. Norrøne person- og stadnamn, t.d. kap. 8 av Inge Særheim i Handbok i norrøn filologi.

B. Tekstar

1. Eddadikt: om lag 100 strofer.

2. Skaldedikt: 10 strofer i dróttkvætt, t.d. det utvalet som står i kap. 5 i Handbok i norrøn filologi.

3. Gylfaginning (bortsett frå det som er lagt opp i NOFI 101) og prosastykka frå Skáldskaparmál i Snorres Edda.

4. Unormalisert gammalnorsk tekst: om lag 35 sider, derav 3 sider i handskriftsfotografi (eventuelt det utvalet av norske faksimilar som står i kap. 4 i Handbok i norrøn filologi).

5. Unormalisert gammalislandsk tekst: om lag 15 sider, derav 3 sider i i handskriftsfotografi (eventuelt det utvalet av islandske faksimilar som står i kap. 4 i Handbok i norrøn filologi).

6. Yngre runer: 5 innskrifter, t.d. det utvalet som står i kap. 5 i Handbok i norrøn filologi.

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.