Norrøn litteratur, kultur og religion

Fakta om studiet

EmnekodeNOFI105
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane skal utvide sin kunnskap om norrøn litteratur og kultur gjennom eit breitt utval av tekstar, og at dei dessutan skal gjere seg kjende med norrøn religion.

Emnet omfattar eit breitt utval av tekstar, hovudsakleg i omsetjing, men også i original. Det litteraturhistoriske grunnlaget for studiet ligg i emnet NOFI 104 og er her utvida med eit teoripensum knytt til dei utvalde tekstene.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne kommentere og analysere norrøne tekstar, setje dei inn i ein litteraturhistorisk og kulturhistorisk samanheng, og ha fått eit oversyn over hovuddraga i den norrøne religionen.

Undervisningssemester

Haustsemesteret.

Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester hausten 2013.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

NOFI101, helst og NOFI104

Fagleg overlapp

NOFI106 og NOFI105 overlappar, og ein vil ikkje få uteljing for meir enn 15 studiepoeng om ein tek begge emna.

Undervisning og omfang

Førelesingar: om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker.

I alt om lag 26 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt. Den første delen er ein heimeeksamen på 7 dagar, der temaet blir fastsett av faglæraren. Oppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna (ca. 15 sider). Studenten kan skrive på norsk (nynorsk eller bokmål), dansk eller svensk, eller eit anna språk etter avtale med faglæraren.
Den andre delen er ei munnleg prøve.

Heimeeksamenen og den munnlege prøva tel likt ved utrekninga av den endelege karakteren. Studenten må stå på begge delane i same semesteret for å stå på heile eksamenen.

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum:

A. Litteratur og kultur

Eit utval av artiklar eller kapittel om litterære og kulturelle emne som både tener til å gje eit allment oversyn og til å støtte opp om dei enkelte tekstane i pensumet, i eit omfang på om lag 250 sider.

B. Tekstar

Eit utval av tekstar som kan lesast i omsetjing:

1. Eitt eddadikt, t.d. Loketretta.

2. Ei islendingesoge, t.d. Soga om lakdsølane.

3. Ei samtidssoge, t.d. Soga om Torgils og Havlide.

4. Ei fornaldersoge, t.d. Soga om Orvar-Odd.

5. Ei legende eller martyrsoge, t.d. Soga om Margreta.

6. Ei bispesoge, t.d. Soga om Jon den heilage av Gunnlaug Munk.

7. Ei bibelsk eller apokryf soge, t.d. Soga om nedstiginga i dødsriket.

8. Ei riddarsoge, t.d. Soga om Tristram og Isond.

9. Eit utdrag på om lag 50 sider frå Strengleikar.

10. Eit utdrag på om lag 50 sider frå Kongsspegelen, t.d. kjøpmannsbolken eller hirdbolken.

11. Eit utdrag på om lag 100 sider frå Gulatingslova, t.d. kristendomsbolken, arvebolken og mannhelgebolken.

Om lag 30 sider skal lesast i original, t.d. heile eddadiktet, Soga om nedstiginga i dødsriket og 10 sider frå Kongsspegelen.

C. Religion

Ei relativt brei framstilling av norrøn religion, t.d. Gro Steinsland, Norrøn religion. Myter, riter, samfunn, Oslo: Pax (2005).

Instituttet gjev framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.