Norrøn filologi I
Fakta om studiet
| Emnekode | NOFI211 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Undervisingsspråk | Norsk eller engelsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad. |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
NOFI 211 omfattar eit emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av emne vil skifte frå semester til semester, og krava til forkunnskapar vil kunne varierte noko. Faglærar vil gje nærare råd om dette.
Målet med emnet er at studentane skal få høve til å fordjupe seg i eit norrønt emne gjennom eit heilt semester og at dei kan få skrive ei semesteroppgåve i dette emnet. Det passar dermed i forlenging av eitt eller fleire av NOFI-emna på 100-nivå, dvs. NOFI 101, 102, 104 eller 105. Det tilrådde startgrunnlaget inneber også at emnet kan takast av studentar på faget nordisk, dersom dei minst har kunnskapar som svarar til NOSP 103.
Tema våren 2014: Magnus Lagabøtes landslov

MERK: Emnet er under avvikling. Dette er siste semesteret det er tilbod om undervisning i NOFI211. For studentar som har gyldig obligatorisk aktivitet, vil kunne ta eksamen høsten 2014 og våren 2015.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha studert emnet skal studentane kunne arbeide sjølvstendig med faglitteraturen på feltet og formidle denne både munnleg og skriftleg.
Undervisningssemester
Både vår- og haustsemesteret.
Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester våren 2014.
Undervisningssemester
Både vår- og haustsemesteret.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Som hovudregel byggjer NOFI 211 på NOFI 101, NOSP 103 eller tilsvarande kunnskapar, dvs. minst 10 studiepoeng i norrønt. For enkelte kurs kan dei tilrådde forkunnskapane vere noko mildare eller strengare. Faglærar gjev i så fall informasjon om dette.
Undervisning og omfang
Undervisninga på 200-nivå vil i stor grad bli organisert som seminar, der det blir venta aktiv deltaking frå studentane når tilhøva ligg til rette for det.
Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker. I alt om lag 26 timar undervisning.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering og godkjenning av pensumliste.
For studentar som vel semesteroppgåve, er rettleiing frå faglærar obligatorisk. Rettleiinga blir gjeven etter reglar som instituttet fastset. Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering, medan frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.
Vurderingsformer
Ved oppmelding kan studentane velje mellom to eksamensformer:
Anten:
Ei skriftleg prøve på 6 timar, utan bruk av hjelpemiddel. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter avtale med faglæraren.
Eller:
Ei rettleidd semesteroppgåve (heimeoppgåve) og ei teljande, munnleg prøve.
Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna (ca. 15 sider). Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mi side. Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter søknad til instituttet.
Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt. Studenten må stå på begge prøvene i same semesteret for å stå på heile eksamenen.
Dersom kandidaten ønskjer å bruke eit anna språk enn norsk, svensk eller dansk under eksaminasjonen, må vedkomande søkje instituttet om dette på førehand.
Vurderingsformer
Ved oppmelding kan studentane velje mellom to eksamensformer:
Anten:
Ei skriftleg prøve på 6 timar, utan bruk av hjelpemiddel. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter avtale med faglæraren.
Eller:
Ei rettleidd semesteroppgåve (heimeoppgåve) og ei teljande, munnleg prøve.
Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna (ca. 15 sider). Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mi side. Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter søknad til instituttet.
Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt. Studenten må stå på begge prøvene i same semesteret for å stå på heile eksamenen.
Dersom kandidaten ønskjer å bruke eit anna språk enn norsk, svensk eller dansk under eksaminasjonen, må vedkomande søkje instituttet om dette på førehand.
MERK: Emnet er under avvikling. Dette er siste semesteret det er tilbod om undervisning i NOFI211. For studentar som har gyldig obligatorisk aktivitet, vil kunne ta eksamen høsten 2014 og våren 2015.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
NOFI 211 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.