Gå til innhold
English A A A
Emne NOFI302

Norrøn filologi spesialisert emne II

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Undervisninga vil bli gjeven i haust- og/eller vårsemestera, avhengig av student- og lærartilgangen på faget.Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

NOFI 302 omfattar eit emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av emne vil skifte frå semester til semester.

 

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

 

Tema våren 2014: Magnus Lagabøtes landslov

 

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne arbeide sjølvstendig med faglitteraturen på feltet og formidle denne både munnleg og skriftleg.

Undervisningssemester

Undervisninga vil bli gjeven i haust- og/eller vårsemestera, avhengig av student- og lærartilgangen på faget.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Studienivå

Master.

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i norrøn filologi, masterstudiet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Krav til forkunnskapar

Studenten må vere oppteken på mastergradsstudiet for å kunne ta eksamen i NOFI 302. Utover dette byggjer ikkje emnet på andre emne i mastergraden.

Undervisning og omfang

Undervisninga på masternivå vil i stor grad bli organisert som seminar, der det blir venta aktiv deltaking frå studentane når tilhøva ligg til rette for det. Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 13 veker. I alt om lag 26 timar undervisning.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Innlevering og godkjenning av pensumliste.

For studentar som vel semesteroppgåve, er rettleiing frå faglærar obligatorisk. Rettleiinga blir gjeven etter reglar som instituttet fastset. Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering, medan frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Vurderingsformer

Ved oppmelding kan studentane velje mellom to eksamensformer:

Anten:
Ei skriftleg prøve på 6 timar, utan bruk av hjelpemiddel. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter avtale med faglærar.

Eller:
Ei rettleidd semesteroppgåve (heimeoppgåve) og ei teljande, munnleg prøve.

Studenten vel i utgangspunktet emne for semesteroppgåva. Semesteroppgåva skal ikkje vere lengre enn 5000 ord eller 30000 teikn, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna (ca. 15 sider). Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mi side. Semesteroppgåva skal skrivast på norsk (nynorsk eller bokmål), svensk eller dansk, eller på eit anna språk etter søknad til instituttet.

Den munnlege prøva omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Det blir gjeve eigen karakter for kvar av dei to prøvene, og ved utrekning av samla karakter blir dei to prøvene vekta likt.

Studenten må stå på begge prøvene i same semesteret for å stå på heile eksamenen.

Dersom kandidaten ønskjer å bruke eit anna språk enn norsk, svensk eller dansk under eksaminasjonen, må vedkomande søkje instituttet om dette på førehand.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

NOFI 302 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no