Prøveførelesing i norrøn filologi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Prøveførelesinga blir halden i det avsluttande semesteret av masterstudiet, etter innleveringa av masteroppgåva. Innlevering kan skje i både vår- og haustsemesteret. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Prøveførelesinga skal gje studenten høve til å leggje fram eit fagleg emne for eit noko breiare, akademisk publikum, og stiller derfor krav til både innhaldet og den munnlege framføringa. Prøveførelesinga er også ei prøve på evna til å disponere eit stoff på ein god måte innanfor ei gjeven tidsramme, og det blir derfor lagt vekt på at prøveførelsinga ikkje skal vere vesentleg kortare eller lengre enn 45 minuttar.
Læringsutbyte/resultat
Gjennom arbeidet med og framføringa av prøveførelesinga skal studentane ha skaffa seg trening i å leggje fram eit emne i munnleg form innanfor ei fast tidsramme. Dei same krav vil gjelde til disposisjon, dokumentasjon og relevans som for skriftlege oppgåver.
Undervisningssemester
Prøveførelesinga blir halden i det avsluttande semesteret av masterstudiet, etter innleveringa av masteroppgåva. Innlevering kan skje i både vår- og haustsemesteret.
Undervisningsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Opptak til masterstudiet i norrøn filologi.
Krav til forkunnskapar
Studenten må vere oppteken på mastergradsstudiet for å kunne ta eksamen i NOFI 303. Prøveførelesinga byggjer på eit oppgjeve emne, og blir halden etter innlevering av masteroppgåva.
Undervisning og omfang
Det blir ikkje gjeve særskilt undervisning i dette emnet, men ettersom det byggjer på eit særpensum fastsett i samråd med rettleiar, har studenten høve til å drøfte emnet med rettleiaren. Rettleiaren vil også kunne gje råd om framstillingsform og -teknikk. Det skal ikkje gjevast rettleiing etter at emnet for prøveførelesinga er kunngjort
Obligatoriske arbeidskrav
Til instituttet skal studentane levere ei pensumliste der det går fram kva dei har lagt opp. Opplysningar om innleveringsfrist og godkjenningsprosedyrar finst på Mi side.
Vurderingsformer
Eksamen har form av ei prøveførelesing på 45 minuttar over eit emne frå særpensum. Rett før framføringa skal kandidaten levere ein skriftleg versjon av førelesinga til eksamenskommisjonen. Prøveførelesinga blir halden i det siste studiesemesteret. Emnet blir kunngjort to veker i førevegen, vanlegvis kort etter at masteroppgåva er innlevert. Førelesinga er offentleg.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Særpensumet har eit omfang på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekster i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no