Nordisk: Litterær analyse og teori
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust/vår. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal auke studentane sitt medvit om ulike tilnærmingsmåtar til litterære tekstar. Pensum inneheld ei rekkje sentrale litteraturteoretiske og litterære tekstar, som vert presenterte og diskuterte, kvar for seg og i høve til kvarandre.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne kjenne att og ta stilling til tolkingsmønster i sentrale fagtekstar. Dei skal også sjølve vere i stand til å produsere metodemedvitne lesingar av litterære tekstar, og til å nytte eit relevant omgrepsapparat i tekstanalysar.
Undervisningssemester
Haust/vår.
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NOLI102 og NOLI103 eller tilsvarande.
Undervisning og omfang
Undervisninga i vårsemesteret er i hovudsak felles med NOLI210-L.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve og munnleg prøve.
Semesteroppgåva skal ha eit omfang på inntil 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Det vert sett separate karakterar på semesteroppgåva og den munnlege prøva. Studenten må stå på begge delane i same semester for å stå i emnet. Ved utrekning av samla karakter tel semesteroppgåva 60 % og den munnlege prøva 40 %.
Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no