Nordisk: Litterært særemne
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust/vår |
| Fagleg overlapp | Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.
Emnet er ein valfri del av mastergraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha studert dette emnet skal studentane kunne
- gjere greie for, diskutere og vurdere sentrale delar av den studerte faglitteraturen og det aktuelle tekstmaterialet
- gjere greie for teorigrunnlaget for, og vurdere bruken av, eit tolkingsmønster i ein fagtekst
- skape nye fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar
- grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eigne tekstarbeid, og relatere eige arbeid til ein forskings- eller fagtradisjon
Undervisningssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande i nordisk.
Fagleg overlapp
Emnet må vere ulikt andre emne som kan studerast under andre emnekodar i det same semesteret, og det må vere ulikt andre emne den enkelte studenten vel i løpet av studiet.
Undervisning og omfang
Dette er eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Skriftleg prøve på 6 timar.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no