Nordisk: Språkleg variasjon og endring
Fakta om studiet
| Emnekode | NOLING221 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Undervisingsspråk | Norsk og ev. dansk og svensk. |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet femner om språkleg variasjon i tid og geografisk og sosialt rom, dvs. språkhistorie, dialektologi og sosiolingvistikk. Det varierer kor tyngdepunktet ligg, og det varierer òg kva språklege nivå det vert fokusert på (fonologi, ortografi, morfologi, syntaks etc.). Emnet byggjer på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på 100-nivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til både dei språklege fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.
NOLING221 kan ikkje inngå i spesialisering i nordisk språk og litteratur. Nordisk-studentar må velje emnekoden NOSP221, NOSP251 eller NOSP321.
Læringsutbyte/resultat
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte dei ulike formene for språkleg variasjon og teoretiske tilnærmingar til dei. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre språklege undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Undervisningssemester
Vår.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope berre for studentar med studierett på bachelorprogram i språkvitskap.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Fagleg overlapp
NOLING221, NOSP221, NOSP251 og NOSP321 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med NOSP221/251/321.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Ein skriv valfritt bokmål eller nynorsk på prøva. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.