Litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv
Fakta om studiet
| Emnekode | NORAN115 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Undervisingsspråk | Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte. |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet har som tema litteratur og litteraturpedagogikk og tekstlingvistikk og pragmatikk i eit andrespråksperspektiv. Emnet fell såleis naturleg i to delar, ein språkleg og ein litterær del, men det er viktige sambandsliner mellom dei to delane.
Medan emna NORAN101(-F), og 104(-F) hovudsakleg er fokusert på grammatiske, leksikalske og fonologiske tilhøve og innlæringa av desse mikronivåa i språket, skal ein i NORAN115 utvide den språklege og språkpedagogiske horisonten til større språklege einingar som har med tekst og litteratur å gjere.
Slik innsikt er for det første naudsynt fordi tekstnivået reint formelt representerer eit konvensjonsstyrt makrosystem som er uavhengig av, men har sterke sambandsliner til, mikronivåa og er ein viktig del av den overordna totale språklege kompetansen. Ettersom både munnleg og skriftleg språkbruk må forståast som del av ein språkleg og utanomspråkleg kontekst, vil studenten få ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk relatert både til talespråk og skriftspråk. Innføringa skal ha ei viss teoretisk breidd, og stoffet skal setjast inn i ein andrespråksdidaktisk samanheng.
Den andre halvdelen av emnet er litterær. Den litteraturen som er formidla på andrespråket, er ein uvurderleg innfallsport til forståing av den kulturelle referanseramma for språket. Samstundes er litteraturen eit didaktisk verkemiddel i språkundervisninga. Men litteraturen har ikkje minst ein eigenverdi, i andrespråks- liksom andre samanhengar. Den litterære delen gjev difor ei innføring i litteratur og litteraturpedagogikk ut frå dei spesielle føresetnader og utfordringar som undervisning i norsk som andrespråk har.
Dei litterære tekstane på pensumet skal for det første skal pensum representere eit tverrsnitt av sentrale tekstar frå norsk litteraturhistorie. For det andre skal pensumet innehalde verk som handlar om emne som migrasjon, kulturmøte og liv i fleirspråklege og fleirkulturelle miljø.
Tekstane skal representere spreiing på litterære genrar. Også verk av forfattarar med minoritetsspråkleg bakgrunn skal vera representerte. Hovudtyngda av tekstane skal vere opphavleg norskspråklege, men tekstar omsette til norsk skal også vere representerte. I tilknyting til dei litterære tekstane legg studentane opp eit teoripensum som set tekstane inn i ein litteraturhistorisk, litteraturteoretisk og litteraturdidaktisk samanheng. Teoretiske perspektiv som set tekstane inn i eit allmennlitterært, kontrastivt og tverrkulturelt lys som speglar norsk litteratur, vert prioritererte, og generell litteraturdidaktikk for minoritetsspråklege skal også vere representert.
Litteraturdidaktikk for minoritetsspråklege i grunnskulen og den vidaregåande skulen dannar elles både den teoretiske og den praktiske hovudinnfallsvinkelen til utvalet og studiet av tekstane.
Mål og innhald
Emnet har som tema litteratur og litteraturdidaktikk og tekstlingvistikk og pragmatikk i eit andrespråksperspektiv. Emnet fell såleis naturleg i to delar, ein språkleg og ein litterær del, men det er sambandsliner mellom dei to delane.
Medan emna NORAN101(-F) og NORAN 104 (-F) har fokus på grammatiske, leksikalske og fonologiske tilhøve, skal ein i NORAN115 utvide den språklege og språkdidaktiske horisonten til eit tekstperspektiv. Ettersom både munnleg og skriftleg språkbruk må forståast som del av både ein språkleg og ein utanomspråkleg kontekst, vil studenten få ei innføring i tekstlingvistikk og pragmatikk relatert til både talespråk og skriftspråk. Sentrale tema er tekstbinding, teksttype og sjanger, tekst i kontekst, språkfunksjonar og språkhandlingsteori.
Den andre delen av emnet er litterær og handlar om litteratur som viktig innfallsport til forståing av den kulturelle referanseramma og som didaktisk verkemiddel i andrespråksundervisninga. Men det skal også gå fram at litteraturen har ein eigenverdi i andrespråkssamanhengen. Tekstane representerer ulike sjangrar. Hovudtyngda av tekstane er opphavleg norskspråklege. Verk av forfattarar med minoritetsbakgrunn er representerte.
Dei litterære tekstane på pensum representerer for det første eit tverrsnitt av sentrale tekstar frå norsk litteraturhistorie. For det andre inneheld pensumet verk som handlar om emne som migrasjon, kulturmøte og liv i fleirspråklege og fleirkulturelle miljø.
I tilknyting til dei litterære tekstane har ein også eit teoripensum som set tekstane inn i ein litteraturhistorisk, litteraturteoretisk og litteraturdidaktisk samanheng.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført studiet skal studenten, som praktiserande andrespråkslærar vere i stand til å vurdere pragmatiske, tekstlege, litterære og kulturelle tilhøve relatert til den språkkunnskapen elevane skal tileigne seg. Slike vurderingar dannar grunnlaget for kunnskapsbserte pedagogiske avgjerder.
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
¿ har innsikt i ulike teksttypar og sjangrar
¿ har innsikt i kva utfordringar innlærarar står overfor når dei les og produserer tekstar på andrespråket
¿ har ei forståing for betydinga av litteraturens rolle i kulturelle samanhengar
Dugleik
Studenten
¿ kan analysere tekstoppbygging i elevproduserte tekstar
¿ kan analysere munnleg og skriftleg tekst i kontekst
¿ kan vurdere litterære tekstar for bruk i andrespråksundervisninga
¿ kan reflektere over litteraturens eigenverdi i eit andrespråksperspektiv
Generell kompetanse
Studenten
¿ har ein teoretisk og praktisk kunnskapsbasis om litteratur og tekst i eit andrespråksperspektiv
Undervisningssemester
Haustsemesteret.
Undervisningssemester
Haustsemesteret.
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Undervisningstype og -mengd:
Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker.
Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere utkast til mappeoppgåvene og å motta rettleiing på dei. Instituttet gjev nærare retningslinjer.
Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere utkast til ei skriftleg oppgåve og å motta rettleiing på denne. Instituttet gjev nærare retningslinjer.
Godkjenning av obligatorisk arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar og ei mappe med to oppgåver, ei språkleg og ei litterær. Den skriftlege prøva tel 60 % og mappa 40 % av den samla karakteren.
Ein må stå på alle delane for å stå på heile eksamen. Både den skriftlege prøva til eksamen og mappeoppgåvene skal skrivast på norsk. Éi mappeoppgåve skal skrivast på bokmål og éi på nynorsk. På den skriftlege prøva vel studenten målform sjølv.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret. Kandidatar som stod på berre den skriftlege prøva eller mappa, kan ta eksamen i den andre delen. I mappa inngår oppgåvene frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre dei, men kan ikkje få rettleiing.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 6 timar og ei rettleidd oppgåve på ca 2500 ord. Den skriftlege skuleeksamenen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren.
Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen. Både skuleeksamenen og den rettleidde oppgåva skal skrivast på norsk. På skuleeksamenen skal målforma vere nynorsk. Studenten sjølv vel målform for den rettleidde oppgåva.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav. Den rettleidde oppgåva er frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre denne, men kan ikkje få rettleiing.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F.
Læremiddelomtale
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Læremiddelomtale
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Undervisningsstad
Bergen
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.