Sosiolingvistikk og tospråklegheit
Fakta om studiet
| Emnekode | NORAN117 |
| Studiepoeng | 5 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Undervisingsspråk | Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte. |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet tek opp tospråklegheit i Noreg og Norden frå eit sosiolingvistisk perspektiv, der tospråklegheitsfenomen både på individ og samfunnsnivå inngår.
Studenten får ei viss innsikt i den språklege variasjonen som finst i Noreg i dag, og ei forståing av den historiske bakgrunnen for han,
Men hovudfokuset for emnet er det moderne Noreg som eit fleirspråkleg samfunn, tilhøvet mellom den språklege majoriteten og språklege minoritetar i Noreg, og dessutan noko om norsk i kontakt med andre språk og framveksten av kontaktvarietetar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne utøve profesjonen sin som språklærar ut frå ei kunnskapsbasert sosiolingvistisk referanseramme. Som språklærar skal han kunne sjå dei sosiolingvistiske perspektiva i elevane sin sosiale og kulturelle situasjon, både som rammevilkår for norsklæringa deira, og som grunnlag for og forståing av eigne observasjonar av måten elevane brukar det norske andrespråket sitt på.
Undervisningssemester
Haustsemesteret.
Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester var hausten 2013.
Har du spørsmål, ta kontakt på studierettleiar@lle.uib.no
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Undervisningstype og -mengd:
Førelesingar 2 timar i veka i om lag 13 veker.
Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen er ei munnleg prøve.
Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret.
Karakterskala
Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensumet er på ca. 500 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.