Språktesting og språkvurdering

Fakta om studiet

EmnekodeNORAN119
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

Emnet gjev innsikt i moderne språkvurderingsmetodar. Det omfattar språktesting som akademisk disiplin, men òg språkvurdering i vidare tyding: læra om måling og vurdering av språkferdigheit, utforsking av og refleksjon over kva slags prinsipp som bør gjelde for testing og vurdering av framand- og andrespråksferdigheit, og dei teoretiske føresetnadene som ligg til grunn for desse prinsippa.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten ha utvikla teoretisk kunnskapsbasis til å gjennomføre praktisk vurdering av språkferdigheit hos språkinnlærarar, å evaluere kritisk eksisterande vurderingssystem og -praksisar, å gje råd om slike spørsmål til lekfolk og arbeidskollegaer, og til å ta del i fagleg arbeid i tilknyting til språktesting.

Undervisningssemester

Haustsemesteret.

Emnet er under avvikling. Siste undervisningssemester var hausten 2013.

Har du spørsmål, ta kontakt på studierettleiar@lle.uib.no

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Studieadministrativ avdeling. Se UHL §3-10.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101, NORAN104.

Undervisning og omfang

Undervisningstype og -mengd:

Førelesingar 2 timar i veka i om lag 13 veker.

Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar kvar fjortande dag.

Samla undervisningsmengd: 26 timar førelesingar og 13 timar kollokvium per student.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på fire timar. Oppgåva skal skrivast på norsk, bokmål eller nynorsk etter fritt val.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensumet er på ca. 650-700 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.