Gå til innhold
English A A A
Emne NORMAU642

Litteraturteori og metode for erfaringsbasert master i undervisning

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet har som målsetting å gi studentane eit fagleg grunnlag for masteroppgåva og ei innføring i metodar og teoriar omkring lesing, hermeneutikk og resepsjon. Studentane skal kunne vise ulike tilnærmingsmåtar til ulike tekstar avhengig av teoritilfang og sjanger. Pensum inneheld ei rekke sentrale litteraturteoretiske tekstar og sentrale litterære tekstar.

Kurset er oppbygd med ulike leksjonar der vi med eit teoretisk utgangspunkt les ein skjønnlitterær tekst for å sjå korleis teksten kan verte belyst av teori. Her vert det lagt vekt på aktuelle tolkingsparadigme.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha vært gjennom dette kurset skal studentane kunne:

  • gjøre greie for tolking av tekst
  • vise kunnskap om og innsikt i ulike tilnærmingsmåtar til tekst
  • produsere en lesing av en litterær tekst basert på relevant teori
  • setje ulike tolkingar opp mot kvarandre og vise korleis dette heng saman med ulike teorival
  • forklare korleis ulike teoriar skil seg frå kvarandre i synet på kva ein tekst er og kva ein tekst gjer
  • sjå dei avgrensingane som ligg i bruken av éin teori framfor ein annan

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk. Svensk og dansk kan og verte nytta

Studienivå

Master

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i erfaringsbasert undervisning med fordjuping i nordisk ved Det humanistiske fakultet.

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng norsk. Opptak på erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk.

Undervisning og omfang

Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ein kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her , kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.

Det vert tre samlingar à to dagar i løpet av semesteret.

I tillegg vil den nettbasert undervisninga vere på om lag 24 timar.

Obligatoriske arbeidskrav

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

For å kunne gå opp til eksamen må studenten ha deltatt i innleveringar på nett og deltatt i presentasjonar på samlingane. Konkretisering av dei obligatoriske aktivitetane går fram av semesterplanen.

Kurset er i hovudsak basert på elektroniske hjelpemiddel. Det er en difor eit vilkår at studenten har tilgang til PC (med internett) og kan meistre denne. Det vert kravt at studentane tek del i diskusjonar/spørsmålsstillingar på nett.

Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen. Eksamenen skal skrivast på bokmål

Rett og god språkføring vert vektlagd.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensum utgjer cirka 1000 sider av normal vanskegrad.

Ved semesterstart vil det liggje føre ein detaljert pensumliste. Ho kan justerast av studenten om det er ønskjeleg. Dersom studenten endrar pensumlista, må ho leverast innan ein frist som vert fastsett av instituttet, og ho må godkjennast av emneansvarleg.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studieveileder@lle.uib.no