Nordisk: Språkleg fordjupingsemne
Fakta om studiet
| Emnekode | NOSP212 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Undervisingsspråk | Norsk og ev. dansk og svensk. |
| Antall semester | 1 |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier |
Kontakt
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Mål og innhald
Emnet vil ha varierande innhald avhengig av undervisningsressursane og -interessene i fagmiljøet. Fokuset vil normalt liggje på tema og disiplinar som det ikkje er rom for i dei andre emna som vert tilbodne i nordisk språk. Tema som knyter nordisk språk til grannedisiplinar, kan òg vere aktuelle. Emnet byggjer, i varierande grad, på kunnskapar og dugleik frå dei språklege emna på 100-nivå og fører desse vidare, slik at studentane får ein fordjupa kjennskap til dei språklege og språkrelaterte fenomena og teoretiske tilnærmingar til dei.
Tema våren 2014: Grammatisk teori
Læringsutbyte/resultat
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte språklege fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei språklege og språkrelaterte fenomena som har vore handsama. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre tematisk relevante undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Undervisningssemester
Vår.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
Undervisninga er felles med NOSP312. Dersom ein planlegg å ta både NOSP212 og NOSP312, er det ein føresetnad at ein legg opp eit pensum på NOSP312 som ikkje overlappar med det pensumet ein hadde på NOSP212.
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med NOSP312.
Undervisning som tilsvarar éin dobbeltime i veka i 13 veker, men kan bli ordna i bolkar. Har delvis seminarform, der studentane er forventa å delta i diskusjonar og ha innlegg om avgrensa delar av pensumet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere og få godkjend pensumliste.
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Skriftleg skoleeksamen på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.