Nordisk: Språkleg særemne
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust/vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Det tematiske innhaldet på emnet vert definert av studenten sjølv, i samråd med ein faglærar. Det kan føre vidare eit tema som er introdusert i andre delar av studiet, eller det kan ta opp ein annan deldisiplin innanfor nordisk språkvitskap, ev. av tverrfagleg art. Det er ein føresetnad at litteraturen er på eit plan som passar for 300-nivået. Det er ein føremon, men ingen føresetnad, at studiet vert knytt opp mot eit fagleg seminar, ei forskargruppe eller liknande. Det er studenten sjølv som har ansvaret for å setje seg i kontakt med ein faglærar, for å finne eigna pensumlitteratur og for å etablere eigna praktiske rammer for gjennomføringa av studiet.
Læringsutbyte/resultat
Når emnet er gjennomført, skal studenten kunne nytte kunnskapar og dugleik til å greie ut om, analysere og drøfte språklege fenomen og teoretiske tilnærmingar til dei tematiserte språklege og språkrelaterte fenomena som er handsama i pensumlitteraturen. Studenten skal vere i stand til å gjennomføre tematisk relevante undersøkingar og analysere og drøfte resultata av dei.
Undervisningssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved masterprogrammet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Undervisning og omfang
Dette er i utgangspunktet eit sjølvstudium. Inntil seks timars rettleiing. Student og faglærar undersøkjer om det er mogleg å knyte studiet til forskingsseminar, kurs e.l. lokalt eller andre stader som vil betre læingsutbytet.
Obligatoriske arbeidskrav
Det er obligatorisk å levere og få godkjent pensumliste.
Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.
Vurderingsformer
Skriftleg prøve på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne enn slike som vert delte ut saman med eksamensoppgåva.
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet skal tilsvare om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no