Gå til innhold
English A A A
Emne OD2MIKR

Mikrobiologi

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 2
Undervisningssemester Vår.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Den generelle delen av kurset tek føre seg inndelinga, bygnaden, dei biologiske funksjonane og sjukdomsframkallande eigenskapane til mikroorganismar. Hovudvekta blir lagd på bakteriar, sopp og virus av odontologisk tyding. Samspelet mellom mikroorganismane og vertsorganismen og mellom forskjellige mikroorganismar i lokalmiljøet (mikroøkologi) blir forklart. Det blir også gitt ei innføring i kvifor bakteriar kan bli motstandsdyktige mot antimikrobielle middel og korleis slik resistens kan spreiast til andre bakteriar. Den delen som handlar om oral mikrobiologi greier ut om mikroorganismane og mikroøkologien i munnhola og desse faktorane si tyding for oral helse og infeksjonar i tenner, tennene sitt festeapparat, slimhinner og kjevar. Spreiing av orale infeksjonar til andre delar av kroppen og mogleg samanheng mellom kronisk oral bakteriell infeksjon og sjukdomsprosessar andre stader i kroppen blir omtala.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studentane skal gjere greie for:

  • Korleis dei aktuelle mikroorganismane, mikrobielt tannbelegg (biofilm) og mikroøkologiske endringar kan føre til infeksjon og betennelse.
  • At infeksjonar ikkje alltid gir kliniske symptom og vevsendringar hos pasientane, men at slike pasientar likevel kan vere smittefarlege
  • Greie ut om og bruke kunnskapar om dental biofilm profylaktisk, det vil seie hindre at slik biofilm blir danna og at biofilmrelaterte sjukdomar dermed utviklar seg
  • Greie ut om og kunne ta prøver av saliva og tannbelegg og vite korleis prøvene kan nyttast til mengdebestemming av kariesbakteriar for å bestemme pasientar sin kariesrisiko
  • Korleis effektiviteten til sterilisatorar kan undersøkjast mikrobiologisk

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

    • Omgåast mikroorganismar på ein forsvarleg måte
    • Så ut mikroorganismar på vekstmedium og vurdere veksten
    • Framstille og undersøkje gram-preparat med mikroskop
    • Utføre sterilisatorkontroll med sporeprøver


Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane:

    • Ut frå mikrobiologiske kunnskapar vere motivert for førebygging av karies og tannløysingssjukdom
    • Innrette seg slik at sannsynet for sjølv å bli smitta er minst mogleg
    • Ut frå kunnskapane om smittsame sjukdomar praktisera gjeldande anbefalte smitteførebyggjande tiltak ved pasientbehandling
    • Basert på kunnskap om farane ved spreiing av resistente bakteriar ha ei restriktiv holdning til bruk av antimikrobielle middel i odontologisk praksis for slik å bidra til å hindre spreiing av resistens mot antimikrobielle middel

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsspråk

Norsk.

Krav til studierett

Kurset inngår i spes. utdanningen i odontologi.

Undervisning og omfang

Undervisninga omfattar forelesingar, obligatorisk laboratoriekurs, bruk av studentportalen og tovegs kommunikasjon mellom faglærar og studentane via gruppe-e-post.

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane leverer inn laboratoriejournal som må godkjennast av faglærar for å få gå opp til studieplanfesta prøve i 5. semester.

Vurderingsformer

Skriftlig prøve, 2 timar.

Karakterskala

Bestått/Ikke bestått.

Undervisningsstad

Bergen.

Kontaktinformasjon

studie@kliniskmedisin.uib.no