Pedagogisk filosofi

Fakta om studiet

EmnekodePED311
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk.
Ressursar
TilhørerInstitutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no

Mål og innhald

Emnet er ein vidareføring av PED111- Pedagogisk filosofi frå bachelorstudiet i pedagogikk, og gjev innsikt i pedagogisk filosofi. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og drøfte grunnleggande pedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane sin kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal:

  • ha inngåande kunnskap om og forståing for pedagogisk-filosofiske spørsmål.
  • ha inngåande kunnskap om sentrale faglige omgrep og teoriar innan pedagogisk filosofi
  • kunne gjere greie for og drøfte ulike oppfatningar av utdanning, kunnskap og læring, samt forholdet mellom desse.
  • kunne gjere greie for og drøfte ulike syn på forholdet mellom utdanning og samfunn
  • kunne ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan pedagogisk arbeid og innan pedagogikk som fag og forskingsfelt, inkludert forholdet mellom fagets praktiske og teoretiske dimensjonar
  • kunne framstille og bruke faglige omgrep og teori på en relevant måte
  • beherske ulike akademiske skriftlige framstillingsmåtar
  • kunne drøfte, reflektere og tenke kritisk over ulike problemstillingar og etiske utfordringar som er relevant for pedagogikk som fag.

Undervisningssemester

Haust.

Eksamenssemester

Haust.

Studienivå

Master.

Institutt

Institutt for pedagogikk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisning og omfang

Emnet kombinerer forelesingar, nettbaserte seminar, litteraturstudiar og oppgåveskriving.

Obligatoriske arbeidskrav

Det vil bli gitt obligatoriske arbeidsoppgåver undervegs i semesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 10 dagar. I tillegg kan studentar bli trekt ut til munnleg eksamen, som blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Dersom det blir gjennomført munnleg eksamen må begge eksamenar vere bestått for å få godkjent eksamen.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 10 dagar.  

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F. I tillegg kan studentar bli trekt ut til munnleg eksamen, som vurderast som bestått/ikkje bestått. Dersom det blir gjennomført munnleg eksamen må begge eksamenar vere bestått for å få godkjent eksamen.

Læremiddelomtale

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium. Litteraturen tek sikte på å dekka tema som:

  • pedagogikk som fag og forskingsfelt
  • pedagogisk-filosofiske perspektiv på læring, kunnskap og utdanning
  • pedagogikk og samfunn

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.