Forskningsmetode, IKT
Fakta om studiet
| Emnekode | PED322 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Høst |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk. |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for pedagogikk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Mål og innhald
Metodeemnet skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emnet er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektera kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emnet skal studentane fordjupe seg i ein valt metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale.
Læringsutbyte/resultat
Studentane skal:
- ha kunnskap om ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar.
- Ha kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitativ og kvantitativ metode.
- ha kunnskap om forskingsetiske problemstillingar og formelle forskingsetiske prosedyrar.
- ha kunnskap om det vitskapsteoretiske perspektivet og teoriane den metoderetninga dei vel å fordjupa seg i, er forankra i.
- kunne drøfte forskingsetiske problemstillingar ved pedagogisk forsking.
- Forstå, diskutere og formidle ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
- Forstå, diskutere og formidle ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar.
- kunne demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse innan den metoderetninga dei fordjupar seg i.
- kunne analysere og forholda seg kritisk til ulike forskingsresultat
Undervisningssemester
Haust.
Eksamenssemester
Haust.
Studienivå
Master.
Institutt
Institutt for pedagogikk.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisning og omfang
Emnet kombinerer nettbasert seminar og oppgåveskriving med litteraturstudiar og praktiske øvingsoppgåver.
Obligatoriske arbeidskrav
Det vil bli gitt obligatoriske arbeids- og øvingsoppgåver undervegs i semesteret.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 14 dagar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen er tilgjengelig i form av eit kompendium. Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar for sjølv å kunne finne frem til relevant litteratur på internett.
Litteraturen tek sikte på å dekka tema som:
- vitskapsteori
- forskingsetikk
- kvalitativ forskingsmetode
- kvantitativ forskingsmetode
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.