Masteroppgåve i pedagogikk IKT
Fakta om studiet
| Emnekode | PED396 |
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisingssemester | Vår, Haust |
| Antall semester | 4 |
| Undervisingsspråk | Norsk. |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for pedagogikk |
Kontakt
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Mål og innhald
Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan utføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid under rettleiing. Studenten skal dokumentere kunnskap om sentrale forskingsprinsipp, kunne gjennomføre systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang og kunne framstille saksområdet klar og presis.
Masteroppgåva kan ta form av ein monografi eller ein artikkel. Uavhengig av form skal masteroppgåva utførleg behandle eit bestemt emne eller ein avgrensa del av eit vitskapeleg problem. I dette studiet vil masteroppgåvene vanlegvis ha utgangspunkt i ein empirisk studie. Masteroppgåva kan også ha form av teoristudiar kor ein gjennomgår og kritisk analyserer litteratur med pedagogisk relevans. Detaljer om krav til innhald og omfang av masteroppgåva vil bli gjort kjend for studentane i skriv ved studiestart.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal:
- Ha inngåande kunnskap om og kunne bruke pedagogiske omgrep, kunnskap og teoriar innan masteroppgåva sitt tematiske område på ein relevant fagleg måte.
- kunne formulere klare problemstillingar og grunngje at desse er pedagogikkfagleg interessante og relevante.
- kunne samle, systematisere, analysere, tolke, diskutere og presentere materiale og funn på ein sjølvstendig, nøyaktig, etisk forsvarlig og oversiktleg måte.
- grunngje val av metode, teori og litteratur.
- vise korleis samanfatningar og konklusjonar er i samsvar med teoretiske premiss, problemstillingar og empirisk materiale.
- kunne bruke litteratur- og sitattilvisingar og kjelder på ein korrekt, konsekvent, etisk og oversiktleg måte.
- beherskar fagområdets uttrykksformer ved å presentere masteroppgåva på ein ryddig og oversiktleg måte med ein presis, logisk og drøftande presentasjonsform som er forståeleg og språkleg tilfredsstillande.
- kunne formidle omfattande sjølvstendig arbeid
- vise evne både til sjølvstendig arbeid og til samarbeid med rettleier
Undervisningssemester
Haust og vår.
Eksamenssemester
Vår og haust.
Studienivå
Master.
Institutt
Institutt for pedagogikk.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at eksamen i PED321, PED322, PED323 og PED324 er avlagt og bestått før ein tar emnet PED396.
Undervisning og omfang
Kvar student får tildelt ein fagleg rettleiar når prosjektplanen er godkjent. Rettleiingskontrakt og retningslinjer for rettleiing skal underskrivast av student og rettleiar. Deler av rettleiinga kan bli gitt i grupper.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Eksamen består av masteroppgåva, samt ein munnleg høyring knytt til denne. Den munnlege høyringa kan justere karakteren på mastergradsoppgåva med ein bokstavkarakter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
Individuelt for kvar enkelt masteroppgåve.
Undervisningsstad
Studiet er nettbasert, men i løpet av prosjektperioden blir det vanlegvis arrangert ein eller fleire samlingar i Bergen.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.