Læringsmiljø: Organisering og leiing

Fakta om studiet

EmnekodePEDA113
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver vennleg å ta kontakt med studierettleiar/informasjonssenter:

studierettleiar.psyfa@uib.no Tlf. 55 58 27 10

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane kompetanse i undervisningsleiing og forståing av læraren si profesjonelle rolle og etiske ansvar ovanfor elevar, kollegaer, foreldre, skule og samfunn. Følgjande tema vil bli vektlagt:

  • Organisering og leiing
  • Samhandling og kommunikasjon
  • Yrkesetikk

Læringsutbyte/resultat

Kandidaten har etter fullført PEDA113 følgjande samla læringsutbyte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om ulike yrkesetiske perspektiv og korleis desse vert uttrykt i styringsdokument for skulen
  • har kunnskap om skulen som organisasjon og samspelet mellom dei ulike aktørane i organisasjonen
  • har kunnskap om gruppeprosessar og relasjonsbygging
  • har kunnskap om kommunikasjon og rettleiing

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan diskutere ulike måtar å organisere og leie ei elevgruppe på i lys av teori og forsking
  • kan drøfte problemstillingar frå praksis i lys av faglitteraturen
  • kan uttrykkje og grunngje ulike yrkesetiske standpunkt

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan delta i ein fagleg diskusjon knytt til læringsmiljø, organisering og leiing med argument som byggjer på teori, forsking og praksis
  • Kan forstå eigne og andre sine roller og reaksjonar i kommunikasjon
  • Kan formulere og grunngje eigne yrkesetiske standpunkt

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

 Må vere teken opp på integrert lektorutdanning, ha greidd eksamen på PEDA111 og PEDA112 og ha innfridd krav for deltaking i praksis.

Krav til forkunnskapar

PEDA 111 og PEDA112

Undervisning og omfang

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar. I tillegg har studentane eit innføringskurs på 4 timar. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

t/veke: 4

Veker: 7

Totalt timar: 28

Praksis og innføringskurs kjem i tillegg.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

  • Delta på innføringskurs og seminar
  • Levere inn to eigenproduserte tekstar på 800 ¿ 1000 ord
  • Gje respons til medstudent på tekst 2
  • Gjennomføre to munnlege presentasjonar
  • Gjennomføre praksis

Ein reknar med at studenten møter førebudd til seminara.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen med utgangspunkt i obligatorisk arbeid undervegs.

Karakterskala

Muntlig eksamen vurderes med graderte karakterer fra A - F.

Læremiddelomtale

Pensum er på 600 sider, hvorav 500 er obligatoriske og 100 valgfrie.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikrings-system. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardisert spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.