Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i kinematikk og dynamikk i fleire dimensjonar, energi og felt med spesiell vekt på gravitasjonsfelt, vekselverknad mellom objekt, stive lekamar, rotasjon, statikk, elastisitetslære, og fluidmekanikk. Emnet skal gi studentane ei grundig forståing av mekanikken sine grunnleggjande lover, omgrep og tenkjemåte og gjere studentane i stand til å nytte disse på fysiske problemstillingar. I laboratorieøvingar vert enkle eksperiment gjennomført for å belyse sentrale delar av pensum.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS111 skal studentane kunne:
- forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan kinematikk, dynamikk, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk.
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse oppgåver innan kinematikk, dynamikk, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk.
- teikne skisser som systematiserer problemstillingen i slike oppgåver.
- samanfatte laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport.
Undervisningssemester
Haust 2014 (Fargekode: rød). Fra og med våren 2015 vil emnet undervises vårsemesteret.
Undervisningssemester
Haust 2014 (fargekode: rød).
Frå og med våren 2015 vil emnet undervises i vårsemesteret med blå fargekode.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fysikk 2 (3FY), MAT131
Obligatoriske arbeidskrav
Laboratorieøving, 10 timer. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 6 semester, inkludert semesteret øvelsene utføres.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timer. Laboratorieøvinger må være bestått for å få gå opp til eksamen. Lovlege hjelpemiddel: Matematisk formelsamling, godkjend lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timer. Laboratorieøvinger må være bestått for å få gå opp til eksamen.
Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar, matematisk formelsamlingog 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.