Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i elektromagnetisme og optikk med spesiell vekt på følgjande tema: Elektriske felt og elektriske straumar, magnetfelt og induksjon, grunnleggjande elektriske kretsar, Maxwell sine likningar og elektromagnetiske bølgjer, geometrisk optikk, fysikalsk optikk, interferens og diffraksjon.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS112 skal studenten kunne
- forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan elektrisitetslære, elektromagnetisme og optikk
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse oppgåver innan elektrisitetslære, elektromagnetisme og optikk
- teikne skisser som systematiserer problemstillingen i slike oppgåver.
Undervisningssemester
Vår 2015 (Fargekode: grønn). Fra og med høsten 2015 vil emnet undervises i høstsemesteret.
Undervisningssemester
Vår 2015 (fargekode: grønn).
Frå og med hausten 2015 vil emnet undervises i haustsemesteret med grønn fargekode.
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timer. Midtvegseksamen eller annen midtveisaktivitet kan gjelde inntil 25% av endelig karakter. Lovlege hjelpemiddel: Matematisk formelsamling, godkjend lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
I semester hvor undervisning ikke tilbys gjelder avsluttende eksamen 100% av endelig karakter
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.