Signal-og systemananalyse

Fakta om studiet

EmnekodePHYS116
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveileder

Mål og innhald

Studenten lærer kva digital signalbehandling er. Emnet tek opp tidsdiskrete system og analyser av desse i tid (differanselikningar), frekvens (Fouriertransformasjonar) og z-plan

(Z-transformasjonar). Spesifikt analyser ein ulike typar filter (lavpass, bandpass), FIR-filter (bruker berre framoverkopling), IIR-filter (bruker også tilbakekopling) og generelt stabilitetskriterium. Lærerike laboratorieoppgåver der ein brukar simuleringsprogrammet Matlab til å implementere ulike digitale algoritmar, viser praktisk bruk av digital signalbehandling, som på musikk og tale. Det er ein fordel å kunne litt om programmering, men det er mulig å ta kurset og lære enkel programmering i Matlab undervegs.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført PHYS116 skal studenten kunne

- gjere greie for korleis ein digitaliserar signal og relaterte problem med nedfolding og kvantisering.

- lage enkle algoritmar som implementerer ulike filtertypar, springande middel, lavpass, bandpass og bruke desse på praktiske problemstillingar som lyd- og bildebehandling.

- forklare forskjellen på FIR og IIR filter og beherske teoretiske analysemetodar som z-plan, frekvensplan og tidsplan brukt på desse filtera

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: blå)

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS112, PHYS114, INF100 eller INF109. Disse to kan også taes parallelt med PHYS116.

Obligatoriske arbeidskrav

Laboratorieøvingar. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 6 semester.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Eksamen kan bli skriftleg, 4 timer, avhengig av antall oppmelde studenter. Midtvegseksamen og/eller innleverte arbeid kan gjelde inntil 25% av endeleg karakter.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.