Mål og innhald
Emnet går ut på å skrive ei prosjektoppgåve (gruppearbeid) som skal belyse eit tema valt i samråd med kursleiar.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS117 skal studenten kunne
- definere og forklare sentrale omgrep og modellar som er relevante for prosjektoppgåva
- planlegge og gjennomføre datainnsamling basert på eksperiment eller modellar
- bruke relevante omgrep og modellar til å tolke og drøfte mønster i empiriske eller modellbaserte data, kvalitativt og kvantitativt.
- hente inn relevant informasjon og bruke den til fagleg problemløysing
- skrive og presentere ein avsluttande prosjektrapport
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: rød)
Undervisningssemester
Haust (fargekode: rød)
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
Prosjektoppgåve
Vurderingsformer
Prosjektoppgåve og munlig presentesjon av oppgåven. Bestått/ikkje bestått.
Karakterskala
Kun Bestått / ikkje bestått
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.