Mål og innhald
Emnet gir ei brei innføring i moderne fysikk med utgangspunkt i kvantemekanikken: Emnet starter med innføring i kvantestatistikk for identiske partikler og behandler deretter oppbyggjinga av enkle og meir komplekse molekyl og faste stoff. Deretter gjennomgås atomkjernens oppbygging og viktige kjernefysiske forvandlingsprosesser som til dømes fusjonssyklusen på sola. Anvendelser og verkemåte til kjernefysiske kraftverk vert også gjenomgått. Til slutt gjer emnet ei innføring i dei grunnleggjande partikler og vekselverknader og utviklingen av universet fra det store smellet.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS119 skal studenten kunne
- gjere greie for materiens oppbygging fra kvarkar til faste stoff.
- gjere greie for energiforhold i kjernefysiske prosesser og reaksjoner (fisjon,fusjon radioaktivitet).
- gjere greie for dei grunnleggjende vekselverknadene og vår kunnskap om universets sammenseting og utvikling fra det store store smellet og til i dag.
Undervisningssemester
Haust. Undervises første gang hausten 2016.
Undervisningssemester
Haust. Undervises første gong hausten 2016 (fargekode: gul).
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev.opptakskrav.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PHYS111, PHYS112, PHYS113 og PHYS118. Studenter som ønskjer å ta kurset uten phys118 tilbys et 4 timers forkurs i
kvantefysikk
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Skriftlig eksamen, 4 timer. Lovlege hjelpemiddel: Matematisk formelsamling, godkjend lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som
forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.