Mål og innhald
Emnet gir ei formell innføring i elektrostatikk og magnetostatikk, elektromagnetisk energi og potensial, løysingsteknikkar, Maxwell sine likningar, gauge invarians og konserveringslover. Vidare behandlast relativistisk elektrodynamikk, elektromagnetiske bølgjer i forskjellige media og enkle strålingskjelder.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS205 skal studenten kunne
- Forklare innhaldet i Maxwell sine likningar, fysisk og matematisk .
- Forklare gauge invarians, korleis likningane er konsistente med relativitetsteorien og korleis dei gir opphav til elektromagnetiske bølgjer og stråling.
- Bruke dei nemnte likningane, lovene og løysningsteknikkane på relevante problemstillingar.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Vurderingsformer
Muntlig eksamen. Midtveiseksamen og/eller innleverte arbeider kan gjelde inntil 25% av endelig karakter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.