Mål og innhald
Kurset tek for seg prinsippa for måling av partikkelstråling og ioniserande stråling og eksempel på partikkeldetektorar: Energitap til lada partiklar (Bethe-Blochlikninga, Cherenkoveffekten), vekselverknaden mellom foton og materie, elektromagnetisk regn, driftkammer, halvleiardetektorar, elektromagnetisk og hadron regn detektorar, pariklar i magnetfelt.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS232 skal studenten kunne
- Forklare kjenneteikna ved Bethe-Blochlikninga og Cherenkoveffekten
- Forklare korleis foton vekselverkar med materie og eigenskapane til elektromagnetisk regn (strålingslengde, kritisk energi, moliere radius, oppløysing)
- Forklare ulike typar av partikkeldetektorar: Driftkammer, halvleiardetektorar og regndetektorar, og korleis dei blir brukt til å måle posisjon, verteks, energi og momentum
- Forklare metodane for å måle posisjon og verteks.
- Forklare eigenskapane, som momentum og energioppløysing, for ulike detektorar
Undervisningssemester
Høst
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske arbeidskrav
Ti godkjente obligatoriske oppgaver. Gyldighet av obligatoriske oppgaver for emnet er 2 semester.
Vurderingsformer
Muntlig eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.