Eksperimentelle metodar i romfysikk

Fakta om studiet

EmnekodePHYS252
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for fysikk og teknologi

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studieveilederen (studieveileder@ift.uib.no)

Mål og innhald

Emnet behandlar eksperimentelle metodar i romfysikk, mellom anna instrumentberarar, satellittmekanikk, strålingsdetektorar, måling av magnetfelt, radiometodar og optiske målingar. Ekskursjon til Andøya rakettskytefelt eller Svalbard. Emnet dannar eit grunnlag for instrumentering og tolking av målingar i fagfeltet.

I dette emnet er det svært få plasser tilgjengelig. Ved større søkertall vil derfor studenter på master i romfysikk prioriteres.

Læringsutbyte/resultat

Ved fullført emne PHYS252 skal studentane kunne

  • gjere greie for grunnleggjande prinsipp bak instrument til måling av magnetfelt, lys, røntgenstråling og lada partiklar
  • forklare utvalde radiobølgjeeksperiment i utforsking av ionosfæren
  • hente og systematisere sanntidsmålingar frå relevante romsondar og bakkeobservatorium under eit nordlysutbrot
  • gi ei førebels tolking av dei innsamla målingane
  • samanfatte resultatet i ein skriftleg rapport.

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS251

Obligatoriske arbeidskrav

Prosjektoppgave og ekskursjon

Vurderingsformer

Muntleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.