Mål og innhald
Emnet omhandlar relativistisk kvantemekanikk, uttrykt ved Dirac-likninga, samt Lorentz-kovarians av likninga, antipartiklar, og Kleins paradoks. Emnet omhandlar og kvantisering av Klein-Gordon felt, Dirac-felt og foton-felt. Emnet gjev eit grunnlag for å forstå relativistiske effektar i atomfysikk, og å studera kvantefelt i vekselvirkning. Emnet er grunnlag for PHYS342.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS303 skal studentane kunna
- gjere greie for Dirac-likninga, med løysing for frie partiklar,
- gjere greie for ikkje-relativistisk grense og elektronspinn,
- gjere greie for eksistens av antipartiklar,
- gjere greie for symmetriar og bevarelseslovar,
- gjere greie for planbylgje-utvikling av skalart, Dirac og fotonfelt
- gjere greie for kanonisk impuls og kvantisering av felt
- gjere greie for kausalitet og Feynmanpropagatoren,
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Vurderingsformer
Muntleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.