Mål og innhald
Emnet omhandlar teorien for dei sterke kjernekreftene (kvantekromodynamikk) og elektrosvak teori. Saman utgjer desse Standardmodellen i partikkelfysikk. Emnet gjev og ei kort innføring i CP-brot og supersymmetri. Emnet gjev eit grunnlag for utrekning og forståelse av enkle tverrsnitt for kollisjon og produksjon av partiklar innan sterke og elektrosvake krefter.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført emne PHYS343 skal studentane kunna
- gjere greie for kvark- og gluonfelta, den sterke kjernekrafta, og dei symmetriane desse byggjer på,
- gjere greie for symmetriane innan elektrosvak teori, og brota på desse via Higgsmekanismen,
- rekne ut tverrsnitt for enkle prosessar der kvarkar og leptonar inngår,
- forklare CP-brot innan K-mesona, og opphavet til CKM-matrisa,
- forklare dei grunnleggjande prinsippa innan supersymmetri.
Undervisningssemester
Høst
Eksamenssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Krav til forkunnskapar
Ingen
Vurderingsformer
Muntlig eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.