Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid

Fakta om studiet

EmnekodePOH100
Studiepoeng10
UndervisingssemesterHøst
Undervisingsspråk
Norsk.
Antall semester1
Ressursar
TilhørerInstitutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet: studierettleiar.psyfa@uib.no/ 55582710

Mål og innhald

Emnet skal førebu studentane til studium innanfor utdanning og helse. Utdanning og helse er to viktige område for velferdsstaten. Emnet skal setja studentane i stand til å sjå kva for ein historisk og politisk kontekst det faget dei skal studere (helsefremjande arbeid eller pedagogikk) er plassert innanfor. Studentane skal også tileigne seg kunnskap om kjenneteikn ved og omfanget av fagområda pedagogikk og helsefremjande arbeid.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne/vise:

Kunnskapar:

  • ha kunnskap om velferdsstat og profesjonar, knytta til fagområda helse og pedagogikk
  • ha kjennskap til fagområda si historie, tradisjonar og eigenart
  • kjenne til utfordringar som globalisering fører med seg for fagområda

Ferdigheiter

  • kan bruke faglig kunnskap til å forstå teoretiske og praktiske problemstillingar
  • kan reflektere over eige fag og faget sin plass i samfunnet

Generell kompetanse:

  • kan formidle sentralt fagstoff skriftleg

Undervisningssemester

Haust.

Eksamenssemester

Haust og vår.

Studienivå

Bachelor.

Institutt

Institutt for pedagogikk.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk og bachelorprogram i folkehelse og helsefremjande arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil kombinere førelesingar og seminar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 4 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalen A-F.

Læremiddelomtale

Litteraturen tek sikte mot å dekkje tema som:

  • velferdsstatens historiske og ideologiske grunnlag
  • administrativ oppbygging av utdannings- og helseteneste
  • helsefremjande arbeid
  • utdanning; ulike retningar og synsrammer
  • profesjonar og profesjonalisering av yrkesgrupper
  • velferdsstaten - notid og framtid

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emnet vil bli evaluert i tråd med dei reglar som gjeld for evaluering av emne knytt til førsteårsstudier ved Det psykologiske fakultet. Evalueringa er nettbasert.