Bacheloroppgåve i generell psykologi
Fakta om studiet
| Emnekode | PSYK250 |
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisingssemester | Vår |
| Antall semester | 1 |
| Undervisingsspråk | Norsk |
| Ressursar | |
| Tilhører | Institutt for samfunnspsykologi |
Kontakt
Kontaktinformasjon
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Mål og innhald
Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av releant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å venda lys mot ei problemstilling. Prosjektoppgåva skal leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Ha forståing for gjeldande krav til eit vitskapleg arbeid
- Gjere greie for grunnleggande kjenneteikn ved kvantitative og kvalitative forskningsmetodar, nærare bestemt forskningsdesign, innsamling og behandling av ulike typar data (kvalitative og kvantitative)
- Gjere greie for dei ulike fasane som inngår i eit forskningsprosjekt
- Ha kunnskap om dei ulike fasane i eit forskningsprosjekt
Ferdigheiter
Ved fullført emne skal kandidaten kunne:
- Planleggje og gjennomføre eit forskningsprosjekt
- Stille forskningsspørsmål som lar seg svare på med vitskaplege metodar
- Tileigna seg relevant forskningsinformasjon (mellom anna datasøk)
- Utvikle og nytte adekvate forskningsinstrument (til dømes intervjuguidar og spørjeskjema)
- Demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid etter APA-standarden, korrekt bruk av kjelder, korrekt presentasjon av referansar og bruk av relevante litteraturdatabasar
- Analysere data eller presentere og drøfte teori
- Formidle teori og resultat skriftleg og munnleg
Generell kompetanse
Ved fullført emne skal studenten kunne:
- Reflektere om det å utøve forskning i høve til teori og empiri
- Reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolkning av eigne data, kjelder og sitering
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i generell psykologi.
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha bestått 1.semestersstudiet (30 studiepoeng), i tillegg må eksamen vere bestått i følgjande emne før ein kan melde seg opp i PSYK250:
Studenten må ha bestått PSYK202B seinast same semester som ein tar PSYK250.
Undervisning og omfang
Emnet er bygd både på individuell rettleiing og rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt og via internett.
Obligatoriske arbeidskrav
Det skal inngås skriftlig veiledningskontrakt med en ansatt ved Det psykologiske fakultet innen 30. januar. Veiledning på bacheloroppgaven er obligatorisk og tema for oppgaven skal godkjennes av emneansvarlig.
Bacheloroppgåva skal presenterast muntleg - 15 minutter presentasjon og 5 minutter tilbakemelding/diskusjon.
Kurset i APA-standard er obligatorisk.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve (max. 7000 ord eksklusive referansar, appendix og tabellverk).
Bacheloroppgåva skal presenterast muntleg - 15 minutter presentasjon og 5 minutter tilbakemelding/diskusjon.
Emneansvarlig for PSYK250 deltar på den muntlig presentasjonen av bacheloroppgaven og er ansvarlig for godkjenning av presentasjonen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Læremiddelomtale
APA boka inngår i pensumlitteraturen. I tillegg inngår sjølvvalt litteratur på 800-1000 sider. Litteratur skal godkjennes av veileder.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.