Mål og innhald
Eksamineringa byggjar på ei kasusskildring. Etter att kasus vert utlevert får kandidaten 15 minutt på seg til å lese igjennom kasus. Eksaminasjonen tek omlag 45 minutt. Det forventast at studenten gjennom integrering av teori og praktisk erfaring skal kunne gje uttrykk for ei fagleg forståing av kasuset.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal kandidaten ha tilegna seg og integrert det faglege innhaldet frå alle emna som inngår i mastergraden.
Ferdigheiter:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne analysere, løyse og greie ut om praktisk orienterte kasus som høyrer heime innanfor emna som inngår i mastergraden.
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal kandidaten kunne gjerne seg nytte av det faglege innhaldet som inngår i mastergraden i høve til praktisk orienterte oppgåver innanfor det arbeids- og organisasjonspsykoloigske fagfeltet.
Eksamenssemester
Annan kvar vår
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi
Krav til studierett
Emnet krev studierett på masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi.
Krav til forkunnskapar
Emnet PSYK306 Forskingsmetode må vere bestått.
Vurderingsformer
Ved den individuelle munnlege eksamen blir studenten forelagt eit kasus som utgangspunkt for eksaminasjonen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.